Slik går det med planen for friluftslivets ferdselsårer

Hugsar du at vi for om lag eitt år sidan lurte på kvar du gjekk på tur, og om du hadde tips og råd om  oppdatering av kart og vedlikehald av turstiar og -vegar? Kanskje hugsar du at dette var noko som var felles for Ulstein og Hareid, og at det skulle resultere i ein plan? Her kjem ei lita oppdatering om arbeidet.

Prosjektgruppa rundt kart der innspela er teikna inn. - Klikk for stort bileteProsjektgruppa er samla rundt dei innkomne forslaga. Frå venstre Arild Støylen, Oda Hofset, Cecilie Roppen, Anita Sundnes og Silje Kiperberg Aksnes. Erlend Friestad

Det overordna målet med prosjektet er å identifisere, ivareta, og utvikle friluftslivets ferdselsårer for å sikre eit attraktivt tilbod til befolkninga med tanke på folkehelse, livskvalitet, bulyst og reiseliv. Vi hadde eit ope møte på Sunnmøre folkehøgskule i april 2023 og det vart lagt ut ein portal med kartløysing på kommunane sine heimesider der alle kunne kome med innspel. 

Dette var eit tema som engasjerte mange, og det er vi veldig glade for! Det kom inn godt over 200 innspel. Arbeidsgruppa for plan for friluftslivets ferdselsårer har hatt jamne arbeidsmøte siste året der vi har gått systematisk gjennom kvart innspel. Fyrst grovsortering og så meir detaljert. Arbeidet har vore såpass omfattande at vi har søkt fylkeskommunen om utvida frist for ferdigstilling av planen, og målsettinga no er at den skal vere klar i januar 2025.

På bilete ser du arbeidsgruppa under ei arbeidsmøte på Hareid i starten av april.

Prosjektgruppa består av:

  • Prosjektleiar Anita Sundnes – leiar for plan- og bygningsavdelinga, Ulstein kommune
  • Oda Hofset – geomatikkingeniør, Ulstein kommune
  • Arild Støylen – fagansvarleg miljøvern, Ulstein kommune
  • Cecilie Roppen – planleggar, Ulstein kommune
  • Silje Kiperberg Aksnes – folkehelsekoordinator, Hareid kommune

Dersom du vil kan du lese meir i prosjektplanen vår.