Ungdomsrådet arrangerer aktivitetsdag

Sjå dei folkevalde bryne seg på administrasjonen i volleyballkamp.

Sofie Bjåstad, Rikke Kvammen, Malin Flø Husøy, Matias A Gjerde, Lars V Sæther, Jakob Bjåstad Fugleseth, Mia Finvik, Pranaya Selva, Thanura Premakumar, Gudmund Gryt. Renate Seljeseth Bøe

Dette er det nye ungdomsrådet i Hareid. Desse vart konstituert i desember 2023. Allereie før konstitueringa fekk dei høve til å ta del på ungdomskonferansen i Ulsteinvik, som gjekk over to dagar. Det var tett program med blant anna tema som ungdomsmedverknad, ungdomsinitiativ, søknads-workshop og rundebordskonferanse. Det var også lagt opp til sosialt der dei fekk treffe dei andre ungdomsråda på søre Sunnmøre.

Ein samarbeidspart for å få til denne konferansen var organisasjonen Ungdom Og Fritid. Dei hadde tema rundt blant anna søknadsskriving, og i denne samanheng fekk ungdomsrådet moglegheit til å søke midlar til å arrangere ein aktivitetsdag. Ungdomsrådet måtte planlegge, skrive søknad og gjennomføre aktiviteten, i tillegg må dei rapportere etter utført aktivitet.

Denne gjengen har planlagt å arrangere ein aktivitetsdag i Hareidhallen førstkomande laurdag, 4. mai, klokka 13. Målet er å samle sambygdingar, små og store til ein kjekk dag ilag. Dei har bestilt inn kaker, kaffi og snacks, så vil tru der er noko for ein kvar smak. Alt vil vere gratis.

Det vil også verte aktivitetar for born, som leikar og ansiktsmaling. Dagens kanskje største høgdepunkt er kampen mellom «POLITISK UKORREKT» og «OVERFLØDIGE KONTORISTAR». Som det kanskje ligg i namna, er dette eit oppgjer mellom administrasjonen og politikarane i Hareid. Ungdomsrådet håpte på mange påmeldingar frå ungdomane, då dette er aktivitet dei veit ungdomen set pris på. Vi ser dette vert ein dag med høg underhaldningsverdi då «SÅRE KNE» OG «SVOOSH», tek turen frå Brandal volleyballtropp og stiller mannsterke med lag i alderen 30-60 år. I skrivande stund tikka det inn melding om at «Geilane All-Stars» stille lag, men muleg vi held ein knapp på «7. -klassingane»? Ingen har endå fått favorittstempelet sidan det er uklart kven som ligg bak dei ulike laga, men kan love god stemning og ein god latter!