Kva meiner du om Hareid kommune?

Denne våren får innbyggarane i Hareid kommune nok ein gong moglegheit til å seie kva dei meiner om korleis det er å bu i kommunen og tenestene våre. Kva er bra og kva kan bli betre?

Kommunikasjonsansvarleg Erlend Friestad held opp ein plakat med postkortet som alle får i postkassa. Det er ein mosaikk av ulike motiv frå kommunen. Biletet er teke på rådhuset med utsikt mot hamna (ute av fokus) - Klikk for stort bileteKommunikasjonsansvarleg Erlend Friestad held opp motivet som kjem på postkortet du snart får i postkassa. Kristian Stråmyr

Det er fjerde gongen kommunen arrangerer ei slik undersøking og det gir oss moglegheit til å samanlikne resultatet og sjå trendar heilt tilbake til 2019.

Svara vil derfor vere eit godt grunnlag for å avgjere korleis vi skal drive kommunen vår. Både administrasjonen og dei folkevalde set stor pris på at du tek deg tid til å svare.

 

Nytt i år er at du kan vinne eit gåvekort på Hareid sauna om du svarer!

 

Døme på spørsmål er:

  • I kva grad trur du kommunen din har godt omdømme?
  • Kor nøgd er du med korleis folkevalde i kommunen lyttar til innbyggjarane sine synspunkt?
  • I kva grad har du tillit til at kommunen behandlar like saker likt?
  • Kor nøgd er du med tenestene til kommunen?
  • Kor nøgd er du med serviceinnstillinga hos dei tilsette i kommunen?
  • Kor nøgd er du med oppvekstmiljøet til barn og unge?
  • Kor nøgd er du med møteplassar der du kan treffe andre?

 

 

Slik svarer du

  • I løpet av veke 21 (frå 19. mai) vil alle husstandar i Hareid kommune få eit postkort i postkassa si. Det er Hareid Sanitetslag som står for utdelinga.
  • Alle innbyggarar som er 18 år eller eldre (eller fyller 18 i 2025), kan delta
  • Du svarer på undersøkinga på nettsida svar.bedrekommune.no.
  • For å få tilgang, må du bruke eitt av dei to passorda som står på kortet
  • Dersom husstanden har meir enn to vaksne – til dømes heimebuande barn som er over 18 (eller fyller 18 i 2025) – kan du kontakte oss på vivilvite@hareid.kommune.no for å få tilsendt ekstra passord.
  • Dei aller fleste spørsmåla vil vere identiske med dei de svarte på i 2019, 2021 og 2023. Det gir oss ein unik moglegheit til å samanlikne oss med oss sjølv.
  • Har vi klart å forbetre det vi ikkje var gode på?
  • Har vi klart å ta vare på det som vi har lukkast med?
  • Svarperiode: Postkorta vil kome i postkassen i løpet av veke 21. Du kan svare på undersøkinga frå så fort du får postkortet og til og med onsdag i veke 22 (4. juni).
  • Dersom du ikkje har fått postkort innan 25. mai, kan du sende e-post til vivilvite@hareid.kommune.no for å få tilsendt koder.

 

Ikkje-digital?

Det er i utgangspunktet berre mogleg å svare digitalt på undersøkinga. Vi veit at ikkje alle får til det utan hjelp. Vi oppmodar deg som ikkje klarer å fylle ut digitalt sjølv om å få hjelp frå familie eller vener til å svare. Dersom dette ikkje er mogleg, kan du få utlevert papirskjema på biblioteket i opningstida. Her kan du også levere inn skjema når det er utfylt.

Merk: Alle som er brukarar på dagsenteret, bur på sjukeheimen, omsorgsbustadar eller Hjellebakken får automatisk tilbod om papirskjema.