Særskilde miljøtiltak i landbruket (SMIL)

Er det aktiv landbruksdrift på din eigedom, kan det vere tilskot du kan søkje om. Du eller den som driftar eigedomen for deg kan søkje dersom det er aktiv landbruksdrift på eigedomen.

Særskilde miljøtiltak i landbruket

Denne ordninga gjeld tilskot til tiltak som fremmar natur- og kulturverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og reduserer forureining frå jordbruket. Tilskotet kan innvilgast til føretak som oppfyller vilkåra om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket.

Søknadsfrist: 1. april.

 

Retningsliner for SMIL (PDF, 620 kB).

Meir informasjon om ordninga og korleis du søkjer finn du i rettleiaren på Landbruksdirektoratet sine sider. 

Meir informasjon om ordninga finn du i forskrifta om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Forskrift om produksjon- og avløysartilskot i jordbruket.

Sjå eksempel på kostnadsoverslag for oppsetting av gjerde. (PDF, 113 kB)