Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom?

I Hareid kommune skal det vere trygt og godt å vekse opp. Likevel kan det oppstå utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det så bra. Derfor arbeidar vi med Betre tverrfagleg samhandling (også kjent som Betre tverrfagleg innsats; BTI).

Dette skal hjelpe oss å sikre at alle barn og unge skal få den hjelpa dei treng.

Denne sida er nyoppretta og i stadig utvikling. Har du tilbakemeldingar, set vi pris på det! Ta kontakt med prosjektleiar Silje.