Tilsett - ein viktig ressurs her på Hareid

Tilsett - ein viktig ressurs her på Hareid

Du som har ein jobb der du møter barn, ungdom eller foreldre har eit særskilt ansvar for å vere merksam på born og unge som har, eller kan ha, problem i kvardagen. Du har ansvar for å bidra til at det vert sett i verk tiltak som kan hjelpe den einskilde til å meistre livssituasjonen sin på ein god måte. Til hjelp i dette viktige arbeidet har vi her utarbeidd system og verktøy for oppfølging.

Ovanfor finn du lenkjer til korleis vi jobbar med dette i Hareid kommune. 

Kva skal du gjere? Handlingsrettleiaren er ei "oppskrift" som du kan følgje frå punkt til punkt, og inkluderer mange gode hjelpemiddel du kan nytte.

Samhandlingsmodellen viser korleis systemet og hjelpeapparatet er bygd opp, og her er oversikt over alle tenester for barn og unge i Hareid kommune.

Verktøy; her har vi samla alle skjema, tips og hjelpemiddel som du også finn under dei ulike nivåa i handlingsrettleiaren