Gode råd til barn og ungdom

Gode råd til barn og ungdom

Ungdom som held rundt skuldrane til kvarandre - Klikk for stort bilete Pexels.com

 

Er du uroa for deg sjølv, dine søsken eller ein ven? 

Hareid kommune skal være ein god stad å bu og leve for alle. Alle barn har rett til å vere trygge, og å ha det dei treng! Dersom du, eller nokon du kjenner, har det vanskeleg - heime, på skulen eller i fritida, er det viktig at du seier i frå. Å seie i frå kan vere med på å gjere slutt på ein vanskeleg situasjon.

Vil du chatte med nokon med ein gong? Då kan du gå inn her: Si det med ord (trykk på chattebobla nede til høgre på sida)

I Hareid er det mange vaksne du kan snakke med om det du er uroleg for; tankar, kjensler og trivsel. Det er lurt å snakke med nokon av desse slik at du kan få hjelp, anten det gjeld deg sjølv, vener eller familie. Nedanfor kan du finne ut kven du kan kontakte, og få nokon gode råd.

 

Desse kan hjelpe deg der du bur:

Nokon du kjenner deg trygg på

Er det ein person du kjenner deg trygg på? Som du kjenner det er lett å snakke med? Ein ven, nokon i familien, ein nabo, ein lærar eller kanskje ein fotballtrenar? Det er mange du kan snakke med, som vil lytte og hjelpe deg. Men dersom det er vanskeleg å kome på nokon, eller du ynskjer å snakke med andre, kan du ta kontakt med ein av dei som står oppført under her.

Det viktigaste er at du deler det som er vanskeleg med nokon.

Helsesjukepleiar

Helsestasjonen har helsesjukepleiar til stade ved alle skular- du kan ta kontakt med helsesjukepleiaren på din skule om du treng nokon å snakke med. 

Kontaktinformasjon:

 

Hareid skule: Vibeke Brune Slettebakk

E-post: vibeke.brune.slettebakk@hareid.kommune.no

Mobil: 48208672

 

Bigset skule: Vibeke Brune Slettebakk

E-post: vibeke.brune.slettebakk@hareid.kommune.no

Mobil: 48208672

 

Hjørungavåg skule: Hanne Voksøy

E-post: hanne.voksoy@hareid.kommune.no

Mobil: 95472968

 

Brandal friskule: Ann Elin Skeide
E-post: ann.elin.skeide@hareid.kommune.no

Mobil: 95461323

 

Hareid ungdomsskule: Siri Berntsen

E-post: siri.berntsen@hareid.kommune.no

Mobil: 95467841

 

Vidaregåande skular:

På dei vidaregåande skulane er det også helsesjukepleiarar og andre tilsette som er tilgjengelege for samtalar og rådgjeving.

Her finn du oversikt over dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal

Klikk deg inn på din skule, og gå vidare på "For deg som elev",  og så "Elevtenester", så finn du informasjon om tilbodet på din skule.

 

Hareid Helsestasjon
Held til i 2. etg. i Helsehuset. Dei gir tenester til barn og ungdom i alderen 0-21 år og deira føresette, samt gravide. Tlf: 70037750. Besøk Helsestasjonsportalen for meir informasjon. 

Ungdomsarbeidar

Målet til ungdomsarbeidaren er å rettleie ungdom til å ta ansvar, og legge til rette for ei trygg og fin ungdomstid i Hareid. I ungdomsklubben si opningstid er ungdomsarbeidaren tilgjengeleg dersom du treng nokon å snakke med. Ungdomsklubben  er open kvar vekedag kl 14-16, og i tillegg er det ulike kveldsarrangement som t.d. open hall ein laurdag i mnd.

 

Kontakinformasjon til ungdomsarbeidaren:

Renate Seljeset Bøe

e-post: renate.seljeseth.boe@hareid.kommune.no

telefon: 99360923

Fastlege

Alle personar som er busett i ei norsk kommune har rett til fastlege. Du har rett til å bytte fastlege inn til to gangar per. kalenderår og du kan ha fastlege i ein annan kommune enn den du bur i. Fastlegen er ansvarleg for å følge opp sine pasientar i legekontorets opningstid, det vil seie at dersom du har behov for nokon å snakke med kan du ta kontakt med ditt legekontor og be om ein time med din fastlege. Ved akutt oppstått skade eller sjukdom utanom fastlegens opningstid må du kontakte legevakta (116 117). Dersom det står om liv, ring 113.

Les meir om fastlegeordninga her.

 

Hareid legesenter 
Kjøpmannsgata 16
6060 Hareid

Telefon: 70 30 70 70
Telefon legevakt: 116 117

Barnevern

Barneverntenesta

Hovudoppgåva til barnevernet er å gi barn, unge og familiar hjelp og støtte i vanskelege situasjonar. Det er foreldra som har ansvar for å gi barna sine omsorg. Dersom foreldra ikkje strekk til, kan barnevernet bidra til å sikre barn og unge omsorg, tryggleik og moglegheit til utvikling. 

Hareid, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta har felles barnevernteneste med tilhaldsstad på rådhuset i Volda. 

Adresse:
Stormyra 2
6100 VOLDA

Telefon: 70 05 88 00
Nettstad: volda.kommune.no/barnevern

Barnevernsvakta
Barnevernsvakta er barneverntenesta sin akuttberedskap og er open heile døgnet.
Hovudoppgåva er å bistå barn, unge og familiar i akutte situasjonar, og dei skal fyrst og fremst sikre at barn og unge har det trygt. 

Adresse:
Ålesund politistasjon
Korsegata 4 (Postgården)
6003 ÅLESUND

Telefon:  91 57 60 20 / 02800

Politi

Har du eller nokon du kjenner blitt utsett for noko ulovleg? Eller er du kanskje usikker på om det du har vorte utsett for er ulovleg eller ikkje? Da kan du ta kontakt med politiet der du bur. Klikk her for å lese meir om kva politiet kan hjelpe deg med.

Ulstein og Hareid lensmannskontor, Møre og Romsdal politidistrikt.
Saunesvegen 10
6065 Ulsteinvik

Telefon: 70 11 87 00
E-post: post.moreogromsdal@politiet.no

Klikk her for å kome til politiets heimeside. 

 

Gode råd til barn og unge:

Dine rettigheiter

Barnekonvensjonen er ei avtale mellom nesten alle land i verden. Her står det om korleis alle barn i verden skal ha det. Noreg har underskreve barnekonvensjonen og gjort den til norsk lov. Barnekonvensjonen gir barn eigne rettigheiter, for eksempel rett til skule, helsehjelp, leik og fritid. Ein viktig rettigheit er at barn skal verte høyrt i saker som gjeld dei. Barnelova (lov om barn og foreldre) regulerer blant anna foreldres plikter og ansvar for barna, og barnas rettigheiter overfor foreldra. Les meir om barnelova på ung.no

Du har eigne rettigheiter frå du vert født. På ung.no finn du ei liste med oversikt over ein del viktige aldersgrenser for når du er gammal nok - frå 0-24 år.

Har du det vanskeleg heime?

Har du foreldre som ofte krangler, som skal skille seg eller opplev du vald i heimen? Her er lenker til informasjon og gode råd:

Når foreldre kranglar

Skilsmisse

Drikk mor eller far din for mykje?

Opplev du vald i heimen? 

Nettvett

Nettvett handlar om å være smart når du brukar nett, enten på mobil, nettbrett eller pc. Både barn og vaksne trenger å lære om nettvett, slik at vi kan unngå kjipe opplevingar når vi spelar, chatter, deler bilete eller er på leit etter informasjon. 

Lenker til info og råd om nettvett

Om nettvett - Redd barna

Nettvettreglar frå Redd Barna

Om nettvett - ung.no

Nettvett.no

Delbart? - politiet

Er det delbart? Sjå film

Slette informasjon om meg på nett

Slettmeg.no

Mobbing og utestenging

Har du det ikkje bra? Opplev du utestenging eller mobbing? Er det dårleg miljø i klassa? Er du einsam eller gruar deg til å gå på skule? Slik skal du ikkje ha det, og det er viktig å snakke med nokon om dette. Her finn du lenker til sider med informasjon om mobbing og utestenging.

Vert du mobba?

Kjenner du deg utestengt?

Få hjelp mot mobbing

Ein trygg skuledag utan mobbing - statsforvaltaren

Skulemiljø i Hareid kommune

Kropp og seksualitet

Under finn du lenker til meir informasjon om kropp, sex og seksuelle overgrep. 

Lurer du på noko om kropp og sex?

Kva er seksuelle overgrep?

Få hjelp etter seksuelle overgrep

Hjelpetelefonar, chattetenester, nettstadar

Namn

Tilbod

Teneste

Telefon

Alarmtelefonen for barn og unge Alarmtelefonen er for barn og unge som er utsett for vold, overgrep og omsorgssvikt. Alarmtelefonen er døgnopen heile året, og svarar henvendingar på telefon, chat, e-post og sms. Vaksne som er bekymret for barn kan også ringe. Telefon, SMS og e-post 116 111
Barn av rusmisbrukere Har du ei mor, ein far eller andre nær deg som har eit rusproblem? Da kan du nytte deg av chattetilbodet BaRsnakk. Her kan du chatte heilt anonymt om det du har på hjertet. Ingen tema eller spørsmål er feil og du deler kun det du har lyst til. Chat  
Kirkens SOS Kirkens SOS er ein døgnopen kriseteneste på telefon og internett. Her er det alltid nokon som tek i mot samtalar, kvar einaste dag, både dag og natt, også i ferier og høgtider. Du kan også sende melding og chatte. Telefon, SMS og chat 22 40 00 40
Kors på halsen Kors på halsen er Røde Kors` samtaletilbod til alle opp til 18 år. Du kan ringe, maile eller chatte og ta opp det som er viktig for deg. Hos Kors på halsen får du snakke med ein vaksen du kan stole på, og som ikkje kan sjå kven du er. Du kan fortelje alt, både dei gode tinga og det du synest er vondt og vanskeleg. Telefon, chat, mail og diskuter med andre 800 333 21

Mental helses hjelpetelefon

Mental helses hjelpetelefon er eit felles europeisk hjelpetelefonnummer. Det vil sei at du kan ringe 116 123 i det området du befinner deg og få kontakt med hjelpetelefonen i det landet du oppheld deg, så lenge du er innanfor EU/EØS land. Dette er ei teneste for alle som treng nokon å snakke med. Du kan være anonym og dei har teieplikt. Telefon 116 123
RUStelefonen RUStelefonen er ein landsdekkande informasjonsteneste om rusmiddelproblematikk. Du kan ta kontakt anonymt via telefon, chat eller spørrskjema. RUStelefonens rettleiarar gir informasjon om rusmiddel, rusbruk og rett hjelpetiltak i din landsdel. Du kan ta kontakt enten du er brukar, pårørande eller berre har spørsmål om rus. Telefon, chat og innsending av spørsmål 08588
Røde Kors-telefonen om tvangsekteskap Ein hjelpetelefon som gir informasjon og rettleiing knytt til tema som tvangsekteskap, kjønnslemlestelse og æresrelatert vald. Telefon 815 55 201
Ung.no Ung.no er ein offentleg informasjonskanal for ungdom. Dei gir informasjon om dine rettigheiter, moglegheiter og plikter. Målgruppa er ungdom mellom 13 og 20 år. Nettstad. Kan også sende inn spørsmål  
Ungdomstelefonen Ungdomstelefonen er eit tilbod til unge som treng nokon å snakke med om seksualitet, kjønn, identitet, kjensler, forelsking, aktivitetstilbod eller sikrare sex. Dette er Skeiv Ungdom sin telefon-, chat- og meldingsteneste og vert bemanna av unge vaksne mellom 18 og 30 år Telefon, SMS og chat 400 00 777
Vald og overgrepslinja (VO-linja) Valds- og overgrepslinja er ei hjelpelinje for deg som opplev vald eller overgrep i nære relasjonar. Du kan få hjelp, råd og svar på spørsmål, men du kan også ta kontakt dersom du berre har behov for at nokon lyttar til deg. Du kan også få hjelp til å finne fram til andre hjelpetilbod i nærleiken der du bur. Telefon 116 006