Kva er Betre Tverrfagleg Samhandling?

I Hareid kommune ynskjer vi å sikre at alle born og unge skal få den hjelpa dei treng. Difor jobbar vi mellom anna med BTS - Betre Tverrfagleg Samhandling, ein prosjektplan og eit verktøy som skal hjelpe oss å fange opp born og unge som har behov for hjelp på eit tidleg tidspunkt. Kommunane er pålagde ved lov å samordne tenestetilbodet på tvers av sektorar og tenesteområder. Vi skal samarbeide, og BTS skal hjelpe oss å strukturere denne samhandlinga i Hareid kommune. Denne nettstaden strukturerer og konkretiserer korleis arbeidet er lagt opp i kommunen vår, og skal gi brukarar og tilsette kunnskap om reiskapar til å utnytte tenestetilbodet maksimalt.

 

I denne satsinga gjer vi oss nytte av ein handlingsrettleiar som skal sikre at alle får den hjelpa dei treng, på det nivå som trengst og på tvers av tenestestrukturen i kommunen. Handlingsrettleiaren er ein modell for prosedyrer og samordning av tenester, for å yte hjelp til gravide, born, unge og foreldre som har, eller kan ha, bruk for det.
Modellen skal sikre tidleg innsats, samordna tenester og brukarmedverknad.  

Tidleg innsats handlar om å avdekke vanskar tidleg i alder eller tidleg i ei risikoutvikling. Det kan gjelde forhold i heimen, eigenskapar ved barnet/ungdommen/familien, eller det kan vere miljøet i barnehagen/skulen eller fritida som skaper utfordringar. Heimen, helsestasjonen, barnehagen og skulen har derfor ei sentral rolle i å oppdage og følgje opp dei som treng det.

Samordning av tenester handlar om å skape eit godt samarbeid og god framdrift når kommunale basistenester (f.eks. helsestasjon, barnehage, skule) og hjelpetenestene (f.eks. helseteneste, PPT, barnevern) i fellesskap skal hjelpe born/ungdom/familiar gjennom vanskar. BTI-modellen skal bidra til styrka samhandlinga mellom tenestene og brukaren utan at det vert brot i oppfølginga. 

Brukarmedverknad handlar om at dei kommunale tenestene legg til rette for at gravide, born, unge og deira foreldre vert involverte i samarbeidet så tidleg som mogleg. Dette inneber også at det vert lagt til rette for at foreldre/brukarar enkelt kan kome i kontakt med aktuelle tenester ved uro for eigne eller andre sine born. Brukarane skal oppleve kommunen sine tenester som oversiktelege.  

Handlingsrettleiaren består av:

  • Grunnmodell på fire ulike nivå
  • Handlingsrettleiar
  • Verktøy
  • System for dokumentasjon (t.d. stafetthaldar/stafettlogg)
  • Tilsette sin kompetanse

Grunnmodellen består av fire ulike nivå (sjå illustrasjon over). Kvart nivå skildrar gangen i arbeidet med å avklare uro og sette i verk tiltak i og mellom tenestene. Brikkene i figuren symboliserer nivåa og talet på tenester som er/vert involverte. Dei ulike nivåa vert knytte saman av den loddrette brikka som strekkjer seg mellom nivåa. Denne symboliserar stafetthaldaren og stafettloggen, som handlar om eit system for samanheng i og sikring av dokumentasjon av og heilskap i det samla tilbodet. Den strekkjer seg mellom nivåa og sikrar heilskapleg og koordinert innsats utan at det vert brot i oppfølginga. 

Nivå 0: Her avklarar vi om det er grunn til uro 

Nivå 1: Skildrar tiltak innanfor kvar einskild teneste

Nivå 2: Skildrar enkelt tverrfagleg samarbeid mellom fortrinnsvis to tenester

Nivå 3: Skildrar meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester

Handlingsrettleiaren
Handlingsrettleiaren er ein rettleiar for korleis tilsette skal gå fram i arbeidet med born, unge eller familiar ein er uroa for. Den har som formål å lage ein struktur på arbeidsoppgåvene og skildre gangen i arbeidet. Hareid kommune sin handlingsrettleiar finn du her. 

Verktøy
Under kvart trinn i handlingsrettleiaren er der verktøy som skal vere til hjelp for den einskilde tilsette, heilt frå fasen der vi oppdagar og vurderer ei uro, og vidare gjennom fasane med å avgjere, setje i verk og evaluere hjelpetiltaka. Ei fullstendig liste med link til alle verktøya som vi nyttar i Hareid kommune ligg her

Stafetthaldar og stafettlogg
I tillegg til desse verktøya har BTS-modellen ein stafettlogg. Formålet med denne er å sikre at det ikkje vert brot i hjelpetilboda frå kommunen og å samordne kommunens tenestetilbod. Det betyr at loggen følgjer brukaren uavhengig av kven som til ei kvar tid tilbyr tenester. Ein viktig føresetnad for å nytte stafettlogg er samtykke frå foreldre/brukaren. I tilknyting til stafettloggen vert det også utpeika ein stafetthaldar. Det er den som til ei kvar tid har koordineringsansvar for å følge opp brukaren, som blir pekt ut til å være stafetthaldar. Førebels har ikkje Hareid kommune program for ein slik logg - opprett difor tiltak i eiga avdeling og dokumenter i systemet som vert nytta til vanleg.

Kompetanse
Ein føresetnad for å nytte modellen og verktøya er at det finst kompetanse til å utføre oppgåvene i tenestene slik som modellen skildrar. Vi snakkar her om to typar kompetanse:

Den eine dreiar seg om å forstå og kunne bruke BTS.

Den andre dreiar seg om å vere i stand til å utføre dei oppgåvene som ligg til dei ulike arbeidsprosessane i modellen, som å bli merksam på målgruppa, oppdage kven som treng oppfølging, følgje opp, og å vere i stand til å kople på den kompetansen og innsatsen som krevst.

Les meir om modellen på helsedirektoratet sine sider.