Samleside for all informasjon om koronapandemien i Hareid kommuneDenne sida blir kontinuerlig oppdatert med siste nytt og anna viktig informasjon om koronapandemien.Trykk på pilane/plussteiknet til høgre for å lese om kvart punkt.Oppdatert 26. januar 2024 Koronatesting og hurtigtesting i Hareid kommuneDu treng ikkje teste deg for korona, sjølv om du har luftvegssymptom.Dersom du har behov for legehjelp, kan fastlegen vurdere om det er naudsynt med ein koronatest.Er/føler du deg sjuk gjeld vanlig sunn fornuft: Du held deg heime til du er frisk.Kommunen leverer ikkje lenger ut sjølvtestar.Ta kontakt på telefon 46 83 47 85 om du har spørsmål.Koronavaksinering i Hareid kommuneSjå her for neste moglege dato for å få koronavaksine.***Gå inn på Folkehelseinstituttet sine nettsider for meir informasjon om risikogrupper for alvorleg sjukdom av covid og biverknadar av vaksinen.Skal du vaksinerer barna dine, må du fylle ut samtykkeskjema:Samtykkeskjema barn mellom 6 månadar – 4 år.Samtykkeskjema barn og unge i alderen 5 år til og med 15 år.Nasjonale informasjonssider om koronapandemienHelsenoreg.no: Oppdatert og kvalitetssikra informasjon om råd og reglar frå nasjonale styresmakter. Fhi.no: Folkehelseinstituttet sine koronasider. Regjeringen sine koronasider: Siste nytt, nye tiltak, med meir. Nasjonal koronatelefon 815 55 015 Isolasjon og karanteneDet er ikkje lenger isolasjonsplikt om du er smitta med koronavirus.Det er eit generelt råd om å halde seg heime om du er sjuk, men dette gjeld alle infeksjonssjukdommar og ikkje berre covid.Det er også eit generelt råd at det ikkje er naudsynt å teste seg om du får symptom.Information in foreign languagesTil deg som er norsktalande: Erfaringsmessig er det ikkje mange framandspråklege som går inn på våre heimesider. Vi håpar derfor du kan vere med å spreie informasjon på morsmålet til dei du kjenner som ikkje har norsk som morsmål. Information about the coronavirus in a lot of different languages (main page). Press conferences, news and press releases, and information from the Government in several languages. Reiser - råd og restriksjonarReiser i NoregDet føreligg ikkje særskilde råd om reising innad i landet. Reiser til/frå utlandetPeikarane under viser vidare til helsenoreg.no som alltid er oppdatert med dei gjeldande reglane og råda.Reisereglar til/frå utlandet Publisert 28.06.2022 00:24 Sist endra 04.12.2024 13:11