No er det på tide å søke om barnehageplass

No er det på tide å søke om barnehageplass

Har du barn og ønsker at barnet ditt skal få plass i barnehage frå hausten 2024 eller våren 2025? Då må du søke innan 1. mars.

To barn sett ovanfrå som leiker med klossar. - Klikk for stort bilete Pexels.com/Cottonbro

I Hareid kommune har vi tre kommunale og ein privat barnehage. Det er felles opptak for alle fire og du skal nytte same søknadsskjema for alle fire barnehagane.

Søknadsskjemaet finn du i denne lenka.

Barn som er fødde i november 2023 eller tidlegare, har rett til barnehageplass frå den månaden barnet fyller eitt år.

Dersom du søker etter 1. mars, blir barnet sett på venteliste og må vente til det blir ledig plass i barnehagen

Du må betale frå den dagen barnet tar til i barnehagen.

For barn som allereie har plass i barnehage kan du søke om:

  • endring av type plass 
  • overflytting til annan barnehage

 

Søknadsfrist hovudopptak: 1. mars 2024