Gravemelding - for graving i privat eigedom

Gravemelding - for graving i privat eigedom

Gravemelding til kommunen må sendast inn før gravearbeidet tek til. Eigar/tiltakshavar er ansvarleg for å gjere greie for kvar kablar, vass- og avløpsrøyr og liknande ligg. Eventuell påvising må utførast før gravinga tek til. Merk at det også kan ligge kommunale røyr og kablar i privat grunn.  

Korleis sende inn gravemelding:

Fyll ut digitalt søknadsskjema nedanfor. Det må også leggast ved illustrasjonskart over graveområdet. Illustrasjonskartet skal innehalde grunnkart, gnr/bnr, vegar og bygningar, samt ei påteikning som viser kvar graving skal skje. Dette kartet kan lagast på Sunnmørskart eller tilsvarande tenester. 

Link til søknadsskjema:

https://skjema.hareid.kommune.no/skjema/HAR099/Sknad_om_gravelyve__gravemelding

 

Merk: Entreprenørar skal nytte Gemini Entreprenørportal for søknad om graveløyve. 

 

Svar på søknad: 

Når du har sendt inn gravemelding, vil du i løpet av nokre dagar får tilsendt leidningskart over eigedomen din. Merk at dette berre viser kommunale, og til ei viss grad, private vass- og avløpsledningar.  For å få informasjon frå andre aktørar, må du kontakte desse direkte. Merk også at svar på gravemeldinga berre er gitt som informasjon som skal nyttast til sjølve gravearbeidet. Det gir ikkje løyve til anna arbeid eller graving ut over eigedomsgrenser. 

 

Tiltak på privat grunn kan vere søknadspliktig etter plan og bygningsloven. Kva for tiltak som er søknadspliktig går fram av loven med forskrifter.  Dersom du er i tvil om tiltaket er søknadspliktig, kan du ta kontakt med kommunen si byggesaksavdeling. Tiltak på privat grunn som ikkje er søknadspliktig etter plan- og bygningslova, treng du ikkje løyve for.  

 

Informasjon frå andre aktørar får du ved å kontakte desse direkte. 

Nedanfor er det lista opp ein del aktørar som kan ha rør eller kablar i Hareid kommune. Lista er ikkje uttømmande, då aktørar kan endrast. Ta kontakt med aktuelle aktørar i god tid før graving.

Straum

Linja AS
Langemyra 6, 6160 Hovdebygda
https://www.linja.no/

Fiber

Tussa Fiber
Langemyra 6, 6160 Hovdebygda
https://www.tussa.no/
Telefon: 70 04 63 00

Telefonkablar

Geomatikk AS (På vegne av Telenor)
E-post: firmapost@geomatikk.no
Telefon: 91509146

Andre installasjonar

Aktuell grunneigar