Grensejustering er bla. aktuelt der ein ønsker å justere grensa slik at den passar betre til faktiske forhod. Partane må vere einige om at ei slik justering skal gjerast. Einsidig overføring av mindre areal kan også utførast som grensejustering.
Av omsyn til bla. panterett er det berre mindre areal som kan overførast ved ei slik justering. Ved større areal må overføring løysast ved arealoverføring eller andre forretningstypar.
Kven kan få tenesta?
Heimelshavarar eller andre med fullmakt kan rekvirere grensejustering.
Les meir i matrikkellova § 9 og matrikkelforskrifta § 34.
Kva kan du forvente?
Etter godkjent rekvisisjon vil kommunen kalla inn til oppmålingsforretning. Kommunen varslar alle berørte partar (rekvirent og naboar) om når forretninga skal gjennomførast. Ved forretninga vert dei nye grensene merka. Videre vert det utarbeidd matrikkelbrev over dei nye grensene.
Vilkår
Arealet for kvar involvert eigedom kan aukast eller reduserast med inntil 5 prosent, men maksimalt 500 m².
Ingen av eigedommane kan avgi eitt areal som overstig 20 % av eigedommens areal før justeringa (80 % av eigedommens areal må ligge i «ro»).
Kvar eigedom sin verdi kan ikkje reduserast eller aukast med meir enn folketrygdas grunnbeløp (1G).
For anleggseigedom kan volumet aukast eller reduserast med inntil 5 prosent, men maksimalt 1000 m3.
Panterett fell bort i areal som blir avstått frå ein eigedom ved grensejustering. Og panterett i eigedom som får tillagt areal, utvidast til også å omfatte dette.
Grensejustering vert ikkje tinglyst og partane må ordne privatretslege avtalar seg i mellom.
Sjå matrikkellova § 16 og matrikkelforskrifta § 34
Ved ulike planformål på omsøkte arealer må det søkast om dispensasjon.
Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?
Ved rekvisisjon av grensejustering, krevst det rekvisisjon på fastsatt skjema som skal vere underteikna av heimelshavarar- evt. med fullmakt dersom det er mange rekvirenter.
Situasjonskart, målsett aktuell grense på situasjonskartet så nøyaktig som muleg, skal vere vedlagt.
Skjema finn ein på Kartverkets nettside:
Rekvisisjon av oppmålingsforretning
Lover
Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova)