Grensepåvisning

Om du ønsker å få påvist og eventuelt merka ei grense som er koordinatbestemt tidlegare ved kartforretning, kan du bestille ei grensepåvisning hjå oss.

Kva kan du forvente?

Grensepåvisning er ei landmålingsteknisk teneste der det ikkje vert gjort nokon endringar i noverande grenseforhold. Vi vil i ein slik situasjon bruke målebrev som finnast i våre arkiv og plassere grensepunkta i marka i.h.t gjeldende standard
Dette kan vere praktisk før oppsetting av gjerder, hekkar og liknande. Naboar skal innkallast.

Korleis får du tenesta?

Heimelshavarar og festarar kan søkje om grensepåvisning, Søknad om deling og/eller rekvisisjon av oppmålingsforretning.

Lover

Lov om eigesomsregistrering (matrikkellova)

Kontakt

Jostein Hånes
avdelingsingeniør
E-post
Mobil 468 06 815