Kommunen har 35 omsorgsbustader der 33 vert nytta til langtidsutleige og 2 til tidsavgrensa opphald. Leigetakar får ikkje automatisk tildelt andre tenester og må søke på lik linje med andre heimebuande. Tildeling av andre tenester vert gjort ut frå individuelle vurderingar.
Særskilt for omsorgsbustader:
- Ved tildeling av omsorgsbustad vet det inngått husleigekontrakt med Hareid kommune, kommunal eigedom
- Leigeforholdet vert regulert av Husleigelova
- Husleigesats er per dags dato 34,5% av brutto inntekt eller maksimum kr 7.930 og skal betalast innan den 20. kvar månad
- Leigetakar kan søke bustønad hjå Husbanken. Søknad om stønad vert sendt ilag med signert leigekontrakt til utleigeansvarleg, kommunal eigedom
- Søkar kan ikkje søke på ein bestemt bustad etter lokalisering. Kommunen tildeler den bustad som er ledig og stettar behova til søkar
- Om ein takkar nei til tildelt bustad vert saka avslutta og det må søkast på nytt dersom behovet endrar seg
- Tenestemottakar må sjølv møblere bustaden og ha eiga innbuforsikring
- Bebuar som ikkje greier å vaske opp for hand vert oppmoda om å skaffe oppvaskmaskin for benk
- Tenestemottakar må sjølv melde flytting til folkeregisteret, posten mm.
Særskilt for tidsavgrensa opphald:
- Lengde på tidsavgrensa opphald vert regulert gjennom individuell vurdering og enkeltvedtak
- Opphaldet kan verte gitt som betalingsopphald eller avlastningsopphald (gratis) ut frå individuelle vurderingar
- Opphald kan gis til heimebuande med kronisk eller akutt funksjonstap der det ikkje er behov for sjukeheim eller sjukehusopphald
- Kan gis til pasientar som eit mellomledd til heim etter utskriving frå sjukeheim eller sjukehus