Hjelpemiddel og ergoterapi

Hjelpemiddel og ergoterapi

Når du låner hjelpemiddel frå kommunen/NAV, har du ansvar både under bruk og ved tilbakelevering.

Ergoterapi fremjar helse gjennom aktivitet og støttar menneske i å delta i samfunnet. Ergoterapeuten legg til rette for eit aktivt liv, uavhengig av funksjonsnivå, og jobbar med folk i alle aldrar og livsfasar.

Kortvarig behov for hjelpemiddel?

Dersom du har eit kortvarig/mellombels behov, kan du låne enkle hjelpemiddel frå det kommunale lageret utan å søkje. Vi har tilgjengeleg rullator, rullestol, toalettstol, dusjkrakk, arbeidsstol med meir.  Vi har et avgrensa tal hjelpemiddel på lager, og de kan ikkje rekne med at hjelpemidla er spesialtilpassa.

Kven kan få hjelpemiddel frå NAV?

Personar med varige funksjonsnedsettingar kan låne hjelpemiddel gjennom NAV Hjelpemiddelsentral dersom funksjonsvanskane er varige (over 2 år). Hjelpemiddelet skal kompensere for funksjonstap, uavhengig av alder eller bruksområde. Personen må vere medlem i folketrygda. 

Kva må du kjøpe sjølv?

Krykker, støttehåndtak, gripetang, strømpepåtrekker og småhjelpemiddel må du kjøpe sjølv.

TIlpassing, reparasjon og service

Enkle tilpassingar vert som hovudregel gjort av kommunen. Dersom det krevst særskild kompetanse, er det NAV Hjelpemiddelsentral som utfører tilpassinga. 

Reparasjonar skal alltid utførast av fagfolk. Dersom hjelpemiddelet blir øydelagt eller får feil, skal du ta kontakt med kommunen sin hjelpemiddelansvarlege. Dersom kommunen ikkje kan løyse problemet, tek vi kontakt vidare med NAV Hjelpemiddelsentral. 

Ditt ansvar som lånar

Som brukar/lånar har du ansvar for: 

  • Reingjering: Hjelpemiddelet skal haldast reint. 
  • Normalt vedlikehald: Til dømes lading av batteri, etterfylling av luft i dekk, enkel funksjonssjekk. 
  • Melding om feil: Gje beskjed til kommunen sin hjelpemiddelansvarlege dersom hjelpemiddelet er øydelagt eller ikkje fungerer som det skal. 
  • Melding om uhell/nestenulukker: Sei frå dersom det har oppstått hendingar knytt til 
Retur av hjelpemiddel

Når du ikkje lenger har behov for hjelpemiddelet: 

  • Kontakt driftsteknikar Endre Johan Ose tlf.: 91 10 19 55 / 70 09 50 00 for å avtale retur. 
  • Hjelpemiddel leverast ved rampen på framsida av sjukeheimen. Skilta varemottak. Sjå bilete.
  • Hjelpemiddelet skal leverast tilbake reingjort og i brukbar stand
  • Helpemiddel som ikkje kan brukast om att, har du sjølv ansvar for å kaste (etter avtale)

 

dronebilete av sjukeheimen der leveringspunkt er markert med raud pil - Klikk for stort bilete Erlend Friestad
Kva kostar tenesta?

Tenesta er gratis, men tiltak som vert sett i verk kan innebere kostnadar.

Når kan du vente svar?

Søknadar og forespørslar vert handsama fortløpande.

Kva er ein ergoterapeut?

Ergoterapeuten arbeider i lag med brukar med tilrettelegging når brukaren si helse gjev utfordringar i kvardagen, eller står i fare for å få slike utfordringar

Ergoterapeuten hjelper menneske til å fungere best mogleg i kvardagen, trass vanskar med å utføre daglege gjeremål grunna sjukdom, skade, alder eller anna funksjonsnedsetting.

I sin arbeidskvardag jobbar ergoterapeuten tett opp mot alle einingane i sektoren samt skule og barnehage.

Kven kan ha nytte av tenesta?

Personar som på grunn av skade, sjukdom, alder eller av andre årsaker har fått redusert funksjonsevne som gjer det vanskeleg å utføre daglege gjeremål.

Kva kan ergoterapeuten kan hjelpe deg med?

  • Førebyggande tiltak
  • Tverrfagleg habilitering og rehabilitering
  • Rettleiing, informasjon og undervisning
  • Formidle og tilpasse tekniske hjelpemiddel som kan kompensere for tapt funksjon
  • Kartlegge funksjonar og tilpasse aktivitetar/arbeidsvanar
  • Legge til rette fysiske omgjevnadar i heim, skule, barnehage og på arbeidsplass
  • Trening av daglege gjeremål
  • Søke på tilskudd til bustad og bil
  • Universell utforming
Kontaktinformasjon

Hareid kommune har per i dag ingen ergoterapeut i stillinga. Fysioterapeutane har ansvar for å søke, tilpasse og gi opplæring i bruken av hjelpemiddel. Driftsteknikar endre Johan Ose har ansvar for utlevering og innhenting av hjelpemiddel, utfører små reparasjonar og er bindeledd inn mot Hjelpemiddelsentralen.

Hjelpemiddelansvarleg: Fysioterapeut Sunniva Røyset tlf. 958 91 285

Fysioterapeut Sofie Kaufmann Gjerde, tlf: 958 91 289

Driftsteknikar Endre Johan Ose tlf. 911 01 955

Hørselshjelpemiddel

HLF - Hørselshemmedes landsforbund har knytta til seg personar på Søre Sunnmøre som gjev hjelp til personar med hørselshemming. Fyrste torsdag kvar månad (ikkje juni og juli) er dei å treffe på Hareid frivilligsentral i tidsromet 11:00 - 13:00. Du kan få hjelp og rettleiing samt kjøpe batteri og andre rekvisita til hørselshjelpemiddel. Dei kan og kome på heimebesøk om ønskeleg.

Korleis søkje om hjelpemiddel / ergoterapi?

Søke om helse- og omsorgstenester og kryss av for ergoterapi/hjelpemiddel

Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak, har du høve til dette jf. Forvaltningslova §28 og Pasient- og brukerrettighetslova §7-2. Klagefristen er 4 veker frå du mottek vedtaket.

Skriftleg klage skal sendast til Hareid kommune v/kommunalsjef sektor for velferd, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans.

Kontakt

Sofie Kaufmann Gjerde
fysioterapeut
E-post