VelferdsteknologiVelferdsteknologi er ei fellesnemning på tekniske installasjonar og løysingar som kan betre den enkelte si evne til å klare seg sjølv i eigen bustad, og bidra til å sikre livskvalitet og verdigheit for brukaren.Velferdsteknologi kan delast i fire kategoriar: Tryggleik- og sikkerheitsteknologi Kompensasjons- og velværeteknologi Teknologi for sosial kontakt Teknologi for behandling og pleiePå Direktoratet for e-helse sine nettsider finn du meir informasjon. Lovgrunnlag Tenesta kan ytast som eit førebyggande og tryggleiksskapande tiltak (serviceteneste) eller den kan ytast som helsehjelp etter Lov om helse og omsorgstenester § 3-2 6 b og Lov om pasient og brukarrettigheter § 2-1 a. Rett til klage Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2. IPLOS-registrering IPLOS-tenestetype 26: Varslings- og lokaliseringsteknologi. Rapportering til IPLOS er avgrensa til GPS. Kostnad Kostnad etter fastsett pris per månad når tenesta er innvilga som serviceteneste. Når tenesta er heimla i lov vert det ikkje teke eigenbetaling. Mål for tenesta Velferdsteknologi skal bidra til auka tryggleik, sjølvstende, meistring og/eller rørslefridom for pasient/brukar og bidra til at tenestemottakar kan bu lengst mogleg i eigen heim. Kriterier for tildeling Sjukdom, lyte eller anna som gjer det nødvendig med teknologisk støtte Tiltaket gjev pasient/brukar minst ein av følgjande: auka tryggleik førebygging av skade/ulykke høve til å bu lenger i eigen heim meir sjølvstende og meistring meir sosial kontakt auka tryggleik for pårørande meir rørslefridom utan at brukar utset seg for risiko ut over det normale For lokaliseringsteknologi (GPS) til heimebuande må brukaren ha pårørande som varslingsmottakar For lokaliseringsteknologi (GPS) må pasient/brukar ha tilstrekkeleg trafikkforståing til å kunne ferdast i dei aktuelle omgjevnadane på eiga hand Nokre teknologiske løysingar vil vere ein del av bygningskonseptet i bustad eller institusjon, eller ein del av tilbodet i ei teneste. Vi legg til grunn eit samtykke når de vel å takke ja til ei teneste der velferdsteknologi inngår. Dette gjeld til dømes medisindispensar i heimetenestene og digitale tilsyn ved enkelte heildøgnstilbod Praktiske opplysningar Velferdsteknologitilbodet består av: tryggleiksalarm (sjå eiga side) passiv varsling pasientvarslingsanlegg medisindispensarar digitale tilsyn lokaliseringsteknologi (GPS) Passiv varsling består av sensorar som sender varsling via tryggleiksalarm, pasientvarslingsanlegg eller teknologi for digitalt tilsyn. Det er ikkje pasienten/brukaren som utløyser alarmen bevisst, men teknologien som detekterar fare/hendingar og varslar automatisk. Døme på passiv varsling er: dørsensor bevegelsessensor varslingsmatte til seng/stol ute-av-seng-varsel fallsensor Passiv varsling i eigen heim kan krevje at ein har teneste tryggleiksalarm i tillegg ettersom mange av sensorane koplast til ein tryggleiksalarm Lokaliseringsteknologi (GPS) nytter GPS-teknologi og mobilnett. Produkta har også alarmfunksjon som utløysast automatisk eller som brukar utløyser sjølv, og dei har to-veis talefunksjon. Kan brukast for å varsle om at pasientar med demens forsvinn frå institusjonsområdet eller heimen. Teknologien vert nytta til å lokalisere dei og lede dei heim att. Heimebuande må ha pårørande som varslingsmottakar Elektroniske medisindispensarar disponerast av heimebaserte tenestene Digitale tilsyn er i bruk på enkelte einingar i institusjon og omsorgsbustader. Det kan også bli tatt i bruk i private heimar og bustader for funksjonshemma Personvern og minimalt av logging/lagring av særskilte personopplysningar Forventningar til tenesteytar Teknologien vert montert så snart vi har kapasitet etter at behovet er avdekt og nødvendig kartlegging og tilpassing er utført Gi rettleiing og opplæring Når alarmar vert utløyst vil aktuell teneste følge opp varselet og handtere situasjonen ut frå gjeldande prosedyrar Feilretting etter gjeldande prosedyrar Forventningar til tenestemottakar Opptrer respektfullt i møte med tenesteytar Gi melding til heimetenesta ved langvarig fråvær frå eigen bustad Utstyret vert behandla forsvarleg Publisert 17.11.2020 16:22 Sist endra 29.07.2024 14:59