Omsetningsoppgåve og løyvegebyr

Alle som har ei sals- eller skjenkeløyve må kvart år betale eit løyvegebyr til kommunen. Storleiken på gebyret er avhengig av kor mykje alkohol som er seld. Opplysningar om alkoholsalget skal sendast inn elektronisk til kommunen.

Fristen for å levere omsetningsoppgåven er 1. mars kvart år.

Korleis levere oppgåve for omset alkohol

Bruk elektroniske skjemaet omsetningsoppgåve for alkohol:

Dei som har fleire løyver må sende inn eit skjema for kvar sals- og/eller skjenkestad. Skjemaet skal fyllast ut av styreleiar eller dagleg leiar i selskapet. Personar med fullmakt kan og sende inn skjemaet.

Verksemder som opphøyrar eller vert seld skal også sende inn oppgåve for alkohol til kommunen, de nyttar same skjema.

Vedlegg som skal følgje med

Utan følgjande vedlegg ser vi på oppgåve for alkohol som ikkje levert:

  • fullmakt, om du ikkje er dagleg leiar eller styreleiar i selskapet
  • revisor si stadfesting på liter omset alkohol førre år, i samsvar med attesjonsoppdrag ISAE 3000

Kvifor må vi ha stadfesting frå revisor

For at storleiken på løyvegebyret skal vere rett, har Hareid kommune vedteke at alle oppgåve for omset alkohol skal stadfestast av revisor. Dette gjeld og for selskap som ikkje er revisorpliktige.

Krav til revisorstadfesta oppgåve for omset alkohol gjeld ikkje for institusjonar eller organisasjonar som etter skattelova er friteken for skatteplikt. Unntaket må dokumenterast. Lov om skatt av formue og inntekt sei noko om kven dette gjeld.

Standard for attestasjonsoppdrag ISAE 3000

Revisoren skal nytte standard for attestasjonsoppdrag "ISAE 3000 - attestasjonsoppdrag som ikke er revisjon eller begrenset revisjon av historisk økonomisk informasjon". Dette oppdraget skal resultere i ein uttale med revisoren sin stadfesting på verksemda si omsetning av alkoholholdig drikk oppgitt i liter. Forutsetninga for at revisor kan gi stadfestinga, er at vilkåra i ISAE 3000 er haldne.

Kor stort er løyvegebyret?

Storleiken på løyvegebyret vert rekna ut frå liter alkohol seld på staden året før. Satsane for løyvegebyret er heimla i alkoholforskriften.

Faktura

Faktura for løyvegebyret vert sendt ut når omsetningsoppgåve er motteke og godteken.
Om oppgåve for omset alkohol manglar ved opphøyr av sals- eller skjenkeløyve, gjer Hareid kommune ein skjønsmessig berekning av løyvegebyret

Kva skjer om du ikkje leverer oppgåva eller ikkje betalar gebyret? 

Da mister du retten til å selge eller skjenke alkohol. Manglande innsending av revisorstadfesta omsetningsoppgåve og manglande betaling av løyvegebyr fører til at kommunestyret eller den kommunestyret delegerer til, kan drage inn løyet til omsetningsoppgåva er sendt inn eller gebyret er betalt.

Kontakt

Helga Bøe
leiar
E-post
Mobil 928 32 786