Alle barnehagar skal vere godkjent før verksemda settast i gang. Kommunen skal følgje med på at verksemda driv innanfor rammene av godkjenninga, at barnehagen sine vedtekter ikkje er i strid med lova og at innhaldet er i samsvar med lov og rammeplan. Barnehagemyndet skal rettleie barnehagane og passe på at dei driv i samsvar med barnehagelova.
Kommunen har også plikter og oppgåver på barnehageområdet som ikkje er direkte knytt til barnehagen sitt innhald og kvaliteten på barnehagetilbodet.
Barnehagemyndet sine oppgåver omfattar mellom anna å:
- Utmåle av tilskot til private barnehagar
- Samordne opptaksprosessen
- Innfri rett til barnehageplass
- Behandle søknadar om dispensasjonar
- Registrere kontantstøtte
- Gi spesialpedagogisk hjelp
Her kan du lese meir om barnehagemyndet. (PDF, 311 kB)
Godkjenning av nye barnehagar
Du må søke om godkjenning til barnehagemyndet i Hareid kommune om du skal opprette ny barnehage.
Kva gjer Hareid kommune i forbindelse med søknaden
- Vi gir informasjon om oppstart og godkjenning av barnehagar.
- Vi gir rettleiing i samband med oppstart av barnehagar.
- Vi handsamar søknad om godkjenning.
Søknadsskjema for nye barnehagar.