Støttande team i Hareid kommune

Støttande team i Hareid kommune

Vi vil gje alle tilpassa og inkluderande tilbod i barnehage og skule.

Hareid kommune har eit læringsmiljøteam og eit psykisk helseteam for barn og unge i grunnskulen i Hareid. Målet vårt er at alle barn og elevar skal få eit godt tilpassa og inkluderande tilbod i barnehage og skule og at teamet skal samarbeide med dei som kjenner barnet/eleven best.

Støttande team arbeidar tverrfagleg og har kompetanse innan pedagogisk arbeid, sosialt arbeid, psykisk helse og spesialpedagogikk.

Målet vårt er å vere ein del av laget for at barn og elevar i Hareid skal ha det trygt og godt både i barnehagen/skulen og heime. Alle barn skal få oppleve tryggheit og positiv utvikling, og då er det viktig å sikre eit godt samarbeid mellom barnehage, skule og heim.

Støttande team er eit lågterskeltilbod. Både barnehagar, skular, elevar og heimar kan ta kontakt med oss. Du treng ikkje tilvising, det er berre sende e-post eller ringe så opprettar  vi kontakt. Skulen/barnehagen eller støttande team hentar inn samtykke til samhandling.

 

Kontakt

Du kan kontakte oss på følgande måte: 

E-post: Ikkje skriv sensitiv informasjon. Det held med namn og telefonnummer fyrste gong du kontaktar oss: stottande.team@hareid.kommune.no

Telefon: 47 61 08 53

Teamet

Temaet har per no desse medlemmane. Dei tilsette er frå både sektor for læring og kultur og sektor for velferd. Vi arbeider oftast to saman for å utfylle kvarandre.

  • Cecilie Valland
  • Lene Renate Veiseth
  • Borghild Grimstad

Vi har arbeidsdagar onsdag og halv fredag (klokka 13-16) så e-postar/telefonar vert svara på desse to dagane. Alle kombinerer arbeidet i støttande team arbeid med andre oppgåver i sektorane.