Velkomen til innskriving av skulestartarar i Hareid kommune!

Velkomen til innskriving av skulestartarar i Hareid kommune!

Det nærmar seg tid for innskriving av elevar som er fødde i 2020 og som skal byrje i 1. klasse i august 2026. 

Datoen for alle skulane er torsdag 11. mars

Innskrivinga varer om lag 10-15 minutt per elev. Vi tek imot dykk fortløpande når de kjem. For at det ikkje skal hope seg opp med for mange elevar og føresette på ein gong, har vi delt opp i puljar etter etternamn.

Dersom dag ikkje passar, ta kontakt med rektor på skulen ditt barn skal gå på. Sjå her for kontaktinformasjon.

Kart over Hareid skule med kryss ved inngang - Klikk for stort bilete

Hareid skule: administrasjonen

(hovudinngang, følg trappa til toppen).

Elevar med etternamn som startar med

  • A - B møter mellom klokka 08.30-10.30           
  • C - H møter mellom klokka 10.30-12.30
  • L - R møter mellom klokka 13.00-14.30
  • S - Å møter mellom klokka 14.30-16.00
Kart over Bigset skule med kryss ved inngang  - Klikk for stort bilete

Bigset skule

Biblioteket, inngang hallen nede

Elevar med etternamn som startar med

  • A-K møter mellom klokka 08.30-11.00
  • L-Å møter mellom 12.00-14.00 

 

Kart over Hjørungavåg skule med kryss ved inngang - Klikk for stort bilete

Hjørungavåg skule

Hovudinngang på framsida av skulen

Elevar med etternamn som startar med

  • A-M møter mellom klokka 10.00-12.00
  • N-Å møter mellom klokka 13.00-14.00

 

Brandal friskule (privatskule)

Meir informasjon om innskrivinga her, får dei som har meldt seg på e-post. På nettsida finn de kontaktinformasjon til skulen. Her ligg det også søknadsskjema for dei som ikkje meldt interesse. 

 

Skuleåret 2026/2027

Kommunen har henta inn skulestartarane frå Folkeregisteret, slik at vi har namn og kontaktpersonar/føresette på alle som bur i Hareid. Det er likevel ønskeleg med litt fleire opplysningar inn, i tillegg til at vi ønsker å dele informasjon med heimane før skulestart.

Om det skulle vere nokon som planlegg å flytte til Hareid kommune i 2026 og har born som skal byrje i 1. klasse, ber vi om at føresette kontaktar skulen om dette.


Innskriving – skjema 

Innskrivingsskjemaet

Føresette må innan 1. mars 2026 fylle ut innskrivingsskjemaet elektronisk. 

Elevane skal også sjølv få fylle ut sitt eige innskrivingsskjema. Det blir sendt frå rektor til barnehagane. Elevane skal levere dette skjema til rektor på skulen på innskrivingsdagen.

 

Førskuledag

Onsdag 3. juni kl. 9-12 er det førskuledag. Skulestartarane møter på skulen ved hovudinngangen til skulen. De får møte medelevar, lærar og rektor. 

 

Fyrste skuledag

Skuleåret 2026/2027 er fyrste skuledag måndag 17. august 2026. Då møter fyrsteklassingane saman med føresette. Meir informasjon om skulestart vil de få i eige brev. 


Påmelding SFO

I Hareid kommune er det tilbod om SFO ved alle barneskulane for born i 1.- 4. klasse, og i 1.-7. klasse for born med særskilde behov. Plassen i SFO gjeld frå tildeling og fram til og med 4. klasse,  eller til plassen vert sagt opp av føresette eller kommunen. 

Frist for påmelding til SFO er 15. april.

Du søker om SFO-plass i foreldreportalen til Vigilo. 

Gå inn på www.vigilo.no (web) 

Vel eit barn, klikk søknader, klikk på ny søknad, og vel søknad om SFO-plass. 

Eleven må vere lagt inn i 1. klasse, før ein kan søke på SFO-plass. Det vil seie at du må gjere det etter 13. mars 2026.  

Alle elevar i 1. klasse har tilbod om gratis SFO 12 timar i veka.  (Men må betale for mat).

Desse timane kan berre nyttast etter ordinær skuletid. Etter fast avtale.

Ved behov for hjelp, sjå hjelpesenteret.

 

Oppvekstadministrativt system

Vi nyttar systemet Vigilo for kontakt mellom skule og heim. 
Vi ønsker at alle lastar ned app-en Vigilo. 
Du kan også logge deginn på web; www.vigilo.no