Eigenberedskap for verksemder

Eigenberedskap for verksemder

Den norske totalberedskapen er også avhengige av mange private verksemder. Her får de ein introduksjon til korleis verksemder kan styrke eigenberedskap sin– og dermed også totalberedskapen.

Det meste av informasjonen i denne artikkelen er henta frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB). Følg lenkene for meir utfyllande informasjon. 

DSB har utarbeidd fem konkrete råd for å styrke beredskapen i di verksemd:

 

1. Kartlegg kritiske område

Kartlegg kva for aktivitetar eller område verksemda består av. Kva aktivitetar er mest kritiske, og kva interne aktivitetar er de avhengige av?

2. Vurder konsekvensane av forstyrringar eller stans

Vurder kva som vil vere konsekvensane av forstyrringar eller avbrot i verksemda. Dette kan gjelde økonomi og omdømme, men det er like alvorleg dersom enkeltpersonar eller andre verksemder er heilt avhengige av leveransar frå di verksemd. Det kan vere krav og avtalar med kundar, men òg reguleringar i lov eller forskrift som stiller krav til leveransane frå verksemda.

3. Skaff oversikt over avhengigheiter

Få oversikt over kva ressursar dei viktige aktivitetane i verksemda er avhengige av. Dette gjeld både interne ressursar som verksemda sjølv har kontroll over, og eksterne ressursar der ein er avhengig av leverandørar – til dømes straum, kommunikasjon og vatn.

4. Gjennomfør tiltak for å sikre drift

Vurder nødvendige tiltak for å kunne sikre drift ved ulike hendingar. Dette kan vere hendingar som rammar viktige ressursar, uansett årsak. Tiltak kan vere både førebyggjande, gjenopprettande og for å skape reservekapasitet (redundans).

5. Ha ein plan for gjenoppretting og normalisering

Planlegginga bør òg inkludere korleis verksemda skal gjenopprette aktivitetar og kome tilbake til normal drift etter ei hending.

Nyttige lenker: