Kva kriser kan Hareid kommune bli råka av?

Kva kriser kan Hareid kommune bli råka av?

Brann, ulukker, pandemiar, sabotasje, naturkatastrofar, vald og til og med krig. Dette er hendingar som kan kome til å ramme Hareid-samfunnet – hendingar som kan føre til store materielle skader, sjukdom, helseskade og død.  

Bilete frå ein tidlegare brannøving på sjukeheimen. Erlend Friestad

Kommunane har ansvar for beredskapen innanfor grensene sine. Eit viktig verktøy for å ha god beredskap er å dykke ned i potensielle kriser for å sjå korleis vi kan senke sannsynet for dei, og korleis vi kan handtere dei på best måte om dei skulle oppstå. Dette gjer vi gjennom ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (H-ros).

I analysen tek vi utgangspunkt i uønskte hendingar (scenario) som får alvorlege konsekvensar for heile lokalsamfunnet. Desse hendingane har ein eller fleire årsaker og kan få konsekvensar for liv og helse, samfunnsstabilitet, natur og miljø og materielle verdiar. Vi kan setje inn sannsynreduserande tiltak for å forebygge, og konsekvensreduserande tiltak for å redusere konsekvensar.

Her er det på sin plass å kome med ein del atterhald. Ein H-ros er ikkje uttømande. Det vil skje ting som ikkje er handsama i analysen. Vi veit også at analysane i varierande grad er bygd på skjønn og har manglande kunnskapsgrunnlag. Det gjer at om det skulle skje ei hending som liknar eit scenario vi har sett på, vil det kunne vere store avvik frå det analyserte scenarioet.

Men H-rosen har likevel ein verdi når desse (ukjende) hendingane skjer. Til dømes skulle det dukke opp eit (per no) ukjend scenario som fører til at samfunnet missar straumen lenge, så har vi gjennom andre scenario sett på tiltak som kan redusere konsekvensane av langvarig straumbrot.

Når analysane er bygd på skjønn og har mange ukjende faktorar, vil også konklusjonane sjølvsagt bere preg av det. Det er derfor fullt mogleg å argumentere for at scenario skulle ha fått høgare eller lågare alvorsgrad, eller sannsyn. Vi vil setje stor pris på om du som lesar av dette dokumentet gir oss slike tilbakemeldingar eller gjer oss merksame på andre feil og manglar du finn. Desse vil vere nyttige når vi skal revidere dokumentet. 

Analysen blei vedteke av kommunestyret i mai 2025.

Her kan du lese heile dokumentet. (PDF, 4 MB)