Startar opp stort vatn- og avlaupsprosjekt – stengde vegar

No skal vi leggje om hovudkloakken. Undervegs må vi stenge fleire vegar.

Røyr og kummar er på plass og står lagra på riggplassen ved Hareid kyrkje. Erlend Friestad  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Tre-fire gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

Du vil få informasjon om møta i dei folkevalde organa, bli oppdatert på koronasituasjonen, oversikt over ledige stillingar og andre hendingar i kommuenen.

Trykk på denne lenka for å gå til påmeldingssida.

I dag renn hovudkloakken ut ved ytre kai. Desse sjøleidningane er dårlege. No legg vi opp til at kloakken skal gå til det framtidige reinseanlegget på Raffelneset. Arbeidet går ut på å opparbeide nytt vatn-, spillvatn- og overvatnsanlegg i Soffibakken, Kyrkjegata og Pålhaugen.

Hald deg oppdatert på prosjektet på samlesida vår.

Over leidningane vil det i Kyrkjegata og Pålhaugen bli etablert gang- og sykkelsti. I tillegg blir det sett opp nye veglys i Kyrkjegata og på Pålhaugen. Stikkvegen til det planlagde bustadfeltet på Pålhaugen blir også opparbeida.

Prosjektet er estimert til å koste 15 millionar (inkl. mva.). Dette vert fordelt på veg, vatn og avløp.

Fyrste del av VA-prosjektet blir i nedre del av Soffibakken. Då vil vegen bli stengd. Erlend Friestad  Fyrste del av prosjektet startar nedst i Soffibakken. Her vil vi stenge vegen for trafikk i veke 10. Omkøyring vil bli skilta. Eigedomar vil vere tilgjengeleg som normalt.

Vi vil ta direkte kontakt med alle innbyggarar og verksemder som er spesielt råka av arbeidet.

Prosjektet er planlagd å vere ferdig november i år.

Har du spørsmål om prosjektet kan du sende ein epost til prosjektleiar vebjorn.groven@hareid.kommune.no