Vassmålar

Vassmålar

Regelverket for vassmålarar følgjer av forskrift om vatn- og avløpsgebyr som du finn på denne lenka.

Næringseigedommar er pålagde å ha vassmålar. Private vel sjølv om dei ynskjer å ha vassmålar.

  • Vassmålaren er kommunen sin eigedom og kostnaden ved sjølve vassmålaren vert dekkja av kommunen
  • Installasjon av vassmålaren skal utførast av godkjent røyrleggar. Etter installasjon skal vassmålaren plomberast av røyrleggar eller kommunen
  • Utgifter til installasjon eller flytting av vassmålaren skal dekkast av abonnenten
  • Vassmålaren skal plasserast frostfritt og i rom med sluk
  • Abonnenten skal halde målaren lett tilgjengeleg for avlesing og kontroll. Vert målaren skada eller avinstallert, skal abonnenten melde frå til kommunen
  • Når vassmålaren er montert, kan den ikkje fjernast utan kommunen sitt samtykke.
  • Avlesing av vassmålaren skal foretas ein gong kvart år. Abonnenten leser av og melder inn målarstanden til kommunen.
  • Dersom avlesing ikkje vert utført eller meldast inn til kommunen innan ei gitt tid, vert årsforbruket stipulert.
  • Kommunen kan til ei kvar tid, evt. etter skriftleg søknad frå abonnenten, foreta kontroll av målaren. Dersom kontrollen viser ei feilavlesing på +/- 5%, vert gebyret justert og evt. utskifting av målaren skjer utan kostnad for abonnenten.
  • Kommunen kan krevje årsavgifta fastsett etter stipulert forbruk heile året når målaren har vore ute av funksjon av tekniske grunnar
  • Manglande avlesing av vassmålar i samband med årsoppgjeret kan medføre gebyr for stipulering av forbruk og /eller kontroll av vassmålar.