Hareid kyrkje

Hareid kyrkje

Bilete frå kyrkjegarden teke mot kyrkja.  - Klikk for stort bileteHareid kyrkje er frå 1877, men det har stått kyrkje på Hareid sidan mellomalderen. Erlend Friestad/Hareid kommune

 Hareid kyrkje er ei vakker trekyrkje med historiske røter.

Den kvite trekyrkja er eit signabygg i kommunen og er frå 1877, men det har vore kyrkje her sidan mellomalderen.

Det eldste vi kjenner til var ei stavkyrkje, som brann ned etter lynnedslag 25. februar 1806. Kanskje vart denne kyrkja bygd på 1200-talet - og kanskje har her vore kristne gudshus på Hareid før det også? Etter brannen blei det reist ei ny åttekanta kyrkje. Denne begynte dessverre å sige, og blei riven allereie 70 år etter.

På kyrkjegarden finn du ei prestestove frå før 1600-talet. Det er truleg den eldste bygninga i kommunen. 

Stova skulle vere ein stad der presten kunne ta inn når han kom frå reise, eller når han skulle halde gudsteneste i Hareid. Stova stod opphaveleg like ved bedehuskrysset, nord for kyrkjegarden. I 1964 vart stova flytta inn på kyrkjegarden og under rydding av tomta kom ein ned på grunnmuren til stavkyrkja.

Prestestova var bygda sitt første rådhus, der formannskap og heradstyre, og seinare soknerådet, held møta sine.

Ved kyrkja finn du fleire kulturminneplakatar med historisk informasjon om kyrkja, kyrkjegarden og Hareid.

På Wikipedia kan du lese meir om Hareid kyrkje.