Holesanden - inst i Snipsøyrvatnet

Holesanden - inst i Snipsøyrvatnet

 Holesanden er ein populær badestrand og utfartsstad, både sommar og vinter.

 

Biletet av Holesanden med opptrekte kanoar. I vatnet er det barn som badar. - Klikk for stort bileteHolesanden er ei fin, langgrunn strand. 100 meter frå land er det ei flytebrygge. Erling Bjerknes

  

Ei bålkanne står på eit bål. I bakgrunnen ser vi Snipsøyrvatnet. - Klikk for stort bileteHolesanden er flott både sommar og vinterstid. Erlend Friestad/Hareid kommune

Holesanden ligg inst i Snipsøyrdalen ved Snipsøyrvatnet.

Her er det fin badestrand. Vatnet blir ofte godt og varmt sommarstid, men stranda er fint å bruke i alle årstider. Det er gode parkeringsmoglegheiter. 

Ved stranda ligg også Holesandhytta som er eigd av Hareid KFUK/M. Her er det sommarkafé på søndagene gjennom sommaren. Det er bålgrue både ved stranda og ved Holesandhytta.

Det er også opna for trøbåtutleige ved Holesanden.

Fiskekort for Snipsøyrvatnet kan du kjøpe via vippsnummer 761448 (Fiskekort Snipsøyrvatnet).