Ishavsmuseet Aarvak - historiane om havets heltar

 På Ishavsmuseet i Brandal kan du gå om bord i selskuta Aarvak frå 1912. Ishavsmuseet  

Ishavsmuseet Aarvak syner historia om norsk selfangst og overvintringsfangst - ei spanande soge om ishavets sanne heltar.

Ishavsmuseet ligg 7 minutt frå Hareid sentrum med bil. Ishavsmuseet Kvardagsheltane som utfordra desse farefulle områda der vèrgudane kunne vere nådelause i all sin velde. Mennene som kjempa mot naturkrefter og heimlengsel. Dei som reiste ut 15 år gamle utan tvil i sjela. Skipperar og fangstmenn. Det handla om å overleve, og kanskje oppfylle ein draum om rikdom. Mange kom ikkje attende, men fekk si våte grav.
Museet består av fleire etasjar med ishavshistorie. Du kan også gå om bord i den unike selfangstskuta Aarvak frå 1912.

SJÅ MEIR: Viss du er i Brandal, kan det vere aktuelt å dra til Kvitneset også

Lær om fangstmannsliv på Grønland og historia om koleventyret i Brandal City på Svalbard - Sjå unike filmar frå polarområda eller få eit innblikk i verda til eventyraren Ragnar Thorseth.

Enkel kafé, gåvebutikk og polarbokhandel.
Balletorsdagane på Ishavsmuseet er ei institusjon i bygda.

Kontakt

Nettside: ishavsmuseet.no/

Facebookside