Kvitneset - krigshistorie og natur under fjella

Høgreiste fjell, bårer som bryt, spanande historie og dei nydelegaste solnedgangane - det er Kvitneset oppsummert. 

 Klikk for stort bileteSolnedgang i Breisundet, sett frå Kvitneset. Even Sundgot  

Kvitneset ligg på den nordlege spissen av Hareidlandet i havgapet ved inngangsporten til Storfjorden og Breisundet.

Området ligg 6 kilometer frå Hareid og du kan køyre bil heile vegen og parkere ved Kvitneset. Dei siste 2 kilometera er smal grusveg.  Det er derfor fint å parkere bilen i sentrum av Brandal og spasere derifrå om ein ønskjer det. Turen tek om lag 30 minutt til fots.

Her kan du laste ned eit oversiktskart over Kvitneset. (PDF, 5 MB)

SJÅ MEIR? Viss du skal til Kvitneset er det fint å besøke Ishavsmuseet også.

Området er kjent frå andre verdskrig då tyskarane brukte området som kystfort frå 1941 og til krigen tok slutt. Då tyskarane kom til Brandal i 1941, tok dei seg inn i private heimar og brukte skulen i bygda til eit midlertidig hovudkvarter. På Kvitneset måtte lokalbefolkninga vere med på bygging av fortet og på det meste var arbeidsstyrken oppe i 140 mann. Det blei mellom anna bygd skytestillingar, fangeleir, kommandobunker, panservernstilling og ei rekkje tunellar og holer i berget for lagring av ammunisjon. I alt var det stasjonert 96 soldatar og 4 offiserar ved fortet då krigen tok slutt. Til vanleg var talet på russarfangar rundt 60, men på et tidspunkt var de opp i 120. 

Her kan du lese ein artikkel om korleis det var på Kvitneset under krigen.

I dag er mesteparten av desse stillingane framleis synlege sjølv om noko er forfalt og overgrodd. Området blir i dag brukt som eit populært turområde og beiteområde for sauer. På Kvitneset kan du oppleve historie, natur, sjøluft, fantastiske solnedgongar og dei store bølgene frå ope hav på uvêrsdagar.