Overåsanden – beste stranda på Sunnmøre?

Overåsanden – beste stranda på Sunnmøre?

Bilete av ei lita bølgje som slår innover stranda. I bakgrunnen ser vi stranda og dei badande.  Det er sol. - Klikk for stort bileteOveråsanden er ei av dei flottaste strendene på Sunnmøre. Erlend Friestad/Hareid kommune

Det er ikkje naudsynt å reise til Syden når ein har Overåsanden!

Den kanskje finaste badestranda på Sunnmøre finn du ved Nasjonalmonumentet på Overå. Det er ei austvendt, langgrunn strand med flott sand og gode høve for parkering. Avstand til Hareid sentrum er tre kilometer.

Kjøp med deg noko god mat frå ein av butikkane (sjå oversikt) eller spisestadane (sjå oversikt) på Hareid og nyt late sommardagar på stranda eller på berga ved Overåsanden. På flytebrygga i tilknyting til berga kan du enkelt legge til med båt. 

Det er sanitæranlegg med toalett som er ope frå kl 09-21.

Nasjonalmonumentet som står ytst på berga er eit minnesmerke over slaget ved Hjörungavágr i år 986, sjølv om det er mange meiningar om kvar slaget eigentleg sto. Håkon jarl og sonen Eirik sin siger over den danske invasjonshæren, støtta av dei berykta jomsvikingane var eit viktig skritt mot ei reell rikssamling av Noreg. Hareid kommune tok derfor initiativet til ein storstilt tusenårsfest i 1986 der blant anna dette minnesmerket blei reist.