Sunnmøre golfbane – med Sunnmørsalpane som bakteppe

Sunnmøre golfbane – med Sunnmørsalpane som bakteppe

 Ein treng ikkje vere aktiv golfspelar for å besøke bana. Kom gjerne på besøk, gå bak nokre golfspelarar og la deg imponere over den fine parken.

Bilete av ein av greenane på golfbana. - Klikk for stort bileteSunnmøre golfbane ligg i Hareid kommune. Bana har ni hol. Sunnmøre golfbane

  

Velkomen til ei god golfoppleving i Hovden i Hareid kommune!

Sunnmøre Golfklubb med si golfbane er ei perle og ligg naturskjønt 4,5 kilometer frå Hareid sentrum. Sjølvaste Sunnmørsalpane er bakteppet i søraust.

Golfklubben kan tilby ei vakker 9-holsbane, proshop og gode treningsfasilitetar.

Golfbana har 8 vatn i spel, samt fleire elvar/sidevasshinder, noko som er med på å auke vanskegrada. 3 av hola er par 5, noko som gjer at par på bana er 74. Det er verdt å merke seg hol 6, som er bana sitt signaturhol, samt hol 7 med vakker utsikt til klubbhus og Sunnmørsalpane i bakgrunnen.

I klubbhuset finn ein kafé, tap-in, kontor og konferanserom. Klubbhuset kan også tilby garderobe med alle fasilitetar, samt leige av skapplass. Det er mogeleg å leige klubbhuset til ulike arrangement som t.d bryllaup, konfirmasjon og åremålsdagar.

Meir en berre ei golfbane

Ein treng ikkje vere aktiv golfspelar for å besøke bana. Kom gjerne på besøk, gå bak nokre golfspelarar og la deg imponere over den fine parken. Fairwayane er velstelte og du får ei naturoppleving av dei sjeldne når ein besøke bana. Ein kan  også la seg imponere av den storslåtte naturen og fuglelivet nær bana. Alle er velkomne til å kome å sjå, prøve nokre slag og få rettleiing av golfpro Mike Henderson. 
Golfpakkar

Sunnmøre Golfklubb og Quality Hotel Ulstein har inngått samarbeid om eigne pakkar.

Kontakt

Nettstad: sunnmoregolf.no/

Facebookside