Hareid Hamn Gjestebrygge

Hareid Hamn Gjestebrygge

Kjem du med båt? Vi har ei flott gjestebrygge tilgjengeleg med plass til 35 båtar og nytt servicebygg.

Anlegget ligg sentralt i Hareid sentrum, men er likevel skjerma i indre hamn i Hareid.  Vatn og landstraum er inkludert i prisen du betalar for båtplassen.  Det same gjeld for tilgang til sanitæranlegg og vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel.  Desse fasilitetane finn du i eit flytande servicebygg plassert midt i gjestehamna. Adgangskode sendast til din mobil. 

Trykk her for å bestille plass og lese meir om gjestehamn.

Som om ikkje det var nok, får du og fri tilgang til takterrassen på servicebygget.  Men vær merksam på det av omsyn til brannforskrifter og evakuering, er sett grense for kor mange personar som kan opphalde seg på takterrassen samstundes.  Nærare opplysningar om dette finn du på skilt / oppslag i hamna.

Sjølve prikken over i`en er den flotte fjordsaunaen i servicebygget.  Her finn du sjølvsagt dusj, toalett og ei hyggeleg varmestove  (rekreasjonsområde) med skyvedør ut til badebrygga.  Merk at dette ikkje er inkludert i hamneleiga, men kan bestillast av båtfolk og andre interesserte.  Du kan enten leige saunaen privat, eller kjøpe billett til felles sauna.  Her finn du meir informasjon om saunaen og lenke til booking.