Gratis bubilparkering på Hareid

Gratis bubilparkering i Hareid

I forgrunnen informasjonsskilt om bubilparkeringa. I bakgrunnen småbåthamna og Tampenbuda. - Klikk for stort bileteDet er plass til seks bubilar på den nye bubilparkeringa på Hareid. Annika Brandal

 

Bilete av bubilparkeringa. - Klikk for stort bilete Annika Brandal

Det er laga til bubilparkering på Indre-Hareid, ved småbåthamna i sentrum. Her er det plass til seks bilar.

Straumboksane er opne og kan nyttast gratis ut året. Fasilitetane er under utvikling.

Tømestasjon for bubilar er i Saunesmarka ved Storehølvegen 41 i Ulsteinvik (Sjå kart).

Ved inngangsporten til Storfjorden og verdsarvfjorden finn du bygda Hareid med sine vel 5000 innbyggarar. Hareid ligg i brytningspunktet mellom hav, fjord og fjell, noko som har forma ei sterke historie og gir rom for mange spennande opplevingar i kommunen. Flotte turmoglegheiter, den finaste sandstranda på Sunnmøre og nærheita til havet, i kombinasjon med ei sterk historie knytt til ishavet og vikingtida er verdt eit besøk i seg sjølv.

Hareid ligg kommunikasjonsmessig svært gunstig til med kort avstand til dei andre kommunane på Søre Sunnmøre, samtidig som Ålesund sentrum ligg berre ein kort båttur unna. Du kan derfor ha base i Hareid og enkelt oppleve heile regionen.

Vi ønsker velkomen til Hareid og håper du får eit fint opphald ved inngangsporten til Storfjorden.