Holesanden - inst i Snipsøyrvatnet

 Holesanden er ein populær badestrand og utfartsstad, både sommar og vinter.

 

Biletet av Holesanden med opptrekte kanoar. I vatnet er det barn som badar. - Klikk for stort bileteHolesanden er ei fin, langgrunn strand. 100 meter frå land er det ei flytebrygge. Erling Bjerknes

  

Ei bålkanne står på eit bål. I bakgrunnen ser vi Snipsøyrvatnet. - Klikk for stort bileteHolesanden er flott både sommar og vinterstid. Erlend Friestad/Hareid kommune

 Holesanden ligg inst i Snipsøyrdalen ved Snipsøyrvatnet.

 

Her er det fin badestrand. Vatnet blir ofte godt og varmt sommarstid, men stranda er fint å bruke i alle årstider. Det er gode parkeringsmoglegheiter. 

Ved stranda ligg også Holesandhytta som er eigd av Hareid KFUK/M. Her er det sommarkafé på søndagene gjennom sommaren. Det er bålgrue både ved stranda og ved Holesandhytta.