Raudesanden – perfekt for dei minste

Raudesanden – perfekt for dei minste

Bilete av Raudesanden teke frå stranda og utover Grimstadvatnet. Menneske som badar i vatnet. - Klikk for stort bileteRaudesanden er langgrunn og egnar seg derfor særleg for dei minste barna. Halvard Grimstad

På Raudesanden blir vatnet raskt varmt, det er langgrunt og det er sand å leike med. 

Raudesanden er ei lita sandstrand i Grimstadvatnet og har fått namnet sitt etter den raudlege sanden.

På land er det ei lita grasplen der ein kan slenge ut handduk eller piknikteppe.

Grimstadvatnet er eit naturreservat og i vestlege delar av vatnet er det ferdselsforbod frå 1. april til 31. juli.

Det er ingen parkeringsplassar knytt til stranden. Nokre få bilar kan stå i ei ubrukt lomme langshovudvegen. Elles er det mogleg å parkere på parkeringsplassen der Hareidsmyrane krysser elva. Det tar om lag 15 minutt å gå herfra, langs frodige Hareidselva.