75-årsdag skapar pasientbekymringar

29. august fylte lege Vidar Vollsæter 75 år. Det har skapt krøll for pasientlista hans på Hareid legesenter.

portrett av Vidar Vollsæter - Klikk for stort bilete Privat

Årsaka er den norske aldersgrensa på 75 år for fastlegar. No når Vollsæter har runda denne alderen, «mistar» han pasientlista si. Denne meldinga har no gått frå Helfo ut til alle som står på denne lista. Legekontoret har derfor blitt nedringt av pasientar som er bekymra for at Vidar Vollsæter ikkje skal vere legen deira lenger. 

Vi kan derfor melde at Vollsæter vil halde fram som lege på Hareid legesenter, men då som vikar for sin gamle pasientliste. I praksis vil det ikkje få konsekvensar for pasientane.

Til slutt står det igjen berre ein ting:

Gratulerer med den store dagen, Vidar!