Cruisesatsinga til Hareid kommuneMS Artania blei fyrste cruiseskip som besøkte Hareid. Erlend Friestad Derfor satsar vi på cruiseturismeBakgrunnen for at vi satsar på cruiseturisme, er eit ønske om å skape meir inntekter til kommunen. Vi har nytta eksisterande fortrinn på ein kontrollert og berekraftig måte utan store investeringar. Vi nyttar eksisterande infrastruktur, kapasitet og kompetanse, og har etablert eit godt samarbeid med eigarane av kaia vi skal nytte.Vi legg mykje vekt på lokal verdiskaping. Kvar cruisegjest legg igjen om lag 800-1200 kroner lokalt, så her har butikkar og restaurantar gode moglegheiter. I tillegg ser vi at det alt har ført til fleire nyetableringar i kommunen. Dette er tilbod som også er positive alle som bur i kommunen. Også frivillige organisasjonar og andre kan skaffe seg gode inntekter ved å setje opp buer i Kjøpmannsgata under cruisebesøka.Dei neste åra vil det også kome strenge miljøkrav for passasjerskip som skal inn i verdsarvfjordane våre. Hareid kommune ligg strategisk til utanfor verneområda og kan derfor ta imot skip som ikkje har høve til å gå lenger inn i fjordsystemet.Cruiseskip-besøk 13. juni 2026: MS ArtaniaForventa ankomst 09.00 og avgang 17.00.MS Artania er eit cruiseskip eigd og operert av det tyske reiseselskapet Phoenix Reisen. Skipet vart opphavleg bygd som Royal Princess for den britiske marknaden og døypt av Lady Diana. Sidan 2011 har det seilt for Phoenix Reisen.Skipet har utelukkande utvendige kabinar, mange med eiga balkong og panoramavindauge. Om bord finn ein fleire restaurantar, barar, show-lounge, kino, spa- og velværeområde, bibliotek, butikk og treningssenter. Eit klassisk terrasse-hekk og ein rundt-om-promenadedekk gjev panoramautsikt over havet.MS Artania er eit populært skip på fjordkryssingar og har mellom anna segla i Geirangerfjorden. Lengde231 mBreidd29 mBruttotonnasje44 500 PassasjerkapasitetInntil 1 200Passasjerdekk9Kabinar600 (alle utvendig) Erlend Friestad KaifasilitetarDet er Ulmatec som har ansvar for det praktiske rundt anløpet, mellom anna tryggleik og ISPS-krav. Saman med Hareid Group har dei bidrege med kai og infrastruktur som kan handtere større fartøy. Det er mellom anna bygd ein ny pullert som skal kunne handtere skip av storleiken til MS Artania. Les meir om kai-samarbeidet mellom verksemdene og kommunen.Cruiseskip-besøk i 2027Vi har per no fem planlagde besøk i 2027. Dato og skip blir lansert på eit seinare tidspunkt.Cruiseskip-besøk i 2028Den første bestillinga for 2028 har allereie kome. Dato og skip blir lansert på eit seinare tidspunkt. Publisert 16.11.2026 10:20 Sist endra 17.11.2026 08:33
Ope møte om cruiseturismen i Hareid Kva moglegheiter gir cruiseturismen for lokale verksemder? Hareid Cruisenettverk inviterer til ope møte på Hareid ungdomsklubb onsdag 25. november klo...
Cruisesatsinga gir resultat: Første bestilling for 2028 er på plass Hareid kommune har nyleg motteke den første bestillinga på cruiseanløp i 2028. Det stadfestar at den langsiktige satsinga på å bli ein cruisedestinasj...