Aktive innbyggarar stakk ut dobbelt så ofte

Stikk Ut-vintersesong vart avslutta 15. april og det har vore stor aktivitet i Hareid kommune!

Vinterbilete av torvløa på Rotarystien - Klikk for stort bileteRotarystien, her ved torvløa, var det mest besøkte turmålet under vinter stikk-ut.

Denne sesongen dobla vi talet på vinterfotturar frå 2 i 2023 til 4 i 2024: Gamleåsen, Kvitneset, Alskleiva og Rotarystien. I tillegg hadde vi ein skitur utanfor preparerte løyper til Skafjellet.

Her kjem litt kjekke tal frå Hareid kommune i år (fjorårstal i parentes):

  • Aktive brukarar: 352 (175)
  • Registreringar av våre brukarar: 5152 (1201)
  • Tal på turar per brukar: 14,6 (6,8)

 

Rotarystien vart den klart mest bruke fotturen med heile 1687 registrerte besøk. Gamleåsen hadde 1196 besøk (460 i 2023), Kvitneset 974 registreringar (341 i 2023) og Alskleiva 309 besøk. Så sjølv om vi dobla talet på fotturar frå i fjor så har dei to turane som har vore med begge åra hatt ein stor auke i registreringar.

Skafjellet er registrert som ein skitur utanfor preparerte løyper, men når vêr og føre tillet det kan ein jo også nytte den som fottur. Totalt var det 325 besøk der i år (105 i 2023).

Totalt sett er det veldig imponerande og gledelege tal!

No gler vi oss til årets sommarsesong som startar 1. mai. Håper alle er klare for å nyte og nytte den nydelege naturen vi har og kome seg ut på fleire turar!

LES OGSÅ: Her er turmåla for sommar-stikk-ut i Hareid

 

Vintersatsing

Friluftsråda har satsa meir på vinter-stikk-ut denne sesongen. Det har gitt auke i både deltaking og tal på registrerte turar. I årets vintersesong har knappe 14 000 deltakarar registrert over 200.000 fot- og skiturar, som er over 60 000 fleire enn førre vintersesong.

Vintersesongen bestod av 142 skiturar og 207 fotturar i alle kommunane i Møre og Romsdal, samt Heim og Lesja/ Bjorli.

– I Stikk Ut er det å gå seg ein tur i nabolaget like mykje verdt som ein langtur på ski og vi har fokus på gleda ved å vere i aktivitet ute. Folk har tatt utfordringa og funne seg fine vinterturar, noko som er veldig gledeleg, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal som har ansvaret for Stikk Ut i fylket.

Utsikt frå stien opp til Skafjellet. - Klikk for stort bileteSkafjellet var lagt opp som skitur utanfor løype, men blei også nytta til mange fotturar. Erlend Friestad

Samarbeid

Stikk Ut er eit samarbeid mellom friluftsråda, skikrets, kontaktpersonar i kommunane, frivillige, idrettslag og løypelag.

– Vi rettar ei stor takk til samarbeidsaktørar som legg til rette for aktivitet og trivsel ute! Frivillige og løypekøyrarar frå 50 skiklubbar, pluss nokre løypelag og kommunar, brukar mykje tid og oppsparte midlar til å leggje til rette flotte skiløyper for alle som er glade i å gå på ski, seier Stig Aambø i Møre og Romsdal skikrets.

 

Stikk Ut-bedrift

Tips: Bli med på Stikk UT-bedrift. Dette skapar aktivitet og samhald på arbeidsplassen; mange bedrifter melder om lågare sjukefråvær, auka trivsel og hyggeleg fellesskap rundt turpraten i lunsjpausane!

Vil du bu på sentral tomt med masse utsikt?

Snart kjem utsiktstomtene på Plassane for sal. Dette er sjølvbyggartomtar

Send e-post til Aina Giskeødegård Balsnes om du er interessert i ei av tomtene, eller informasjon om dei. 
Vi vil då halde deg oppdatert på salsprosessen, arbeidet med tomtane og anna relevant informasjon. Registreringa er ikkje forpliktande.

Sjå elles hareid.kommune.no/plassane for utfyllande informasjon.