Aktivitetsdagar 2022

Den siste veka i juni og den fyrste veka i juli vart det arrangert aktivitetsdagar for ungdommar på Hareid. Det vart varierte dagar med over 100 ungdommar frå 5. - 10. klasse

SUFH  

Ungdommane fekk vere med på mange ulike aktivitetar  innan idrett, friluftsliv, musikk og film. Det var ballaktivitetar, tur til trampolinepark, frisbeegolf, teamoppgåver i «Kompani Hareidsdølen», bading, musikkproduksjon og filmskaping.  Ungdomane fekk kjenne på både meistring og noko å bryne seg på, og nye vennskap vart skapt. Tilbakemeldingane frå foreldre, leiarar og ungdommane sjølve vitna om strålande dagar i all slags ver.  

 

Aktivitetsdagane vart arrangert av Hareid kommune i samarbeid med Sunnmøre Folkehøgskule, og med støtte frå Sparebanken Møre og Gjensidigestiftelsen.