Alt du treng å vite om aktivitetsdagane!

Gratulerer til deg som har fått plass på Hareid kommune sine aktivitetsdagar i veke 26 (5. -7. klasse) eller veke 27 (8. -10. klasse).

Firedelt bilete av miksepult, bål, høyretelefonar og frisbee - Klikk for stort bilete Pexels.com  

Alle som søkte om plass på aktivitetsdagana fekk eit tilbod. Dei aller fleste fekk oppfylt 1., 2. eller 3.-valet sitt.

(Det er framleis nokre få ledige plassar på tilbodet til 8.-10. trinn).

Litt lengre ned i skrivet finn du praktiske opplysningar om dei ulike workshops, men først kjem litt generell info til alle.

I løpet av veka får du vere med på ei eller fleire samlingar innan idrett, friluftsliv, musikk og/eller film, og det heilt gratis. Det kjem til å bli mykje kjekt å oppleve, og du skal få kjenne på gode og spennande dagar. Vi som leiarar skal legge til rette for at kvar enkelt av dykk får oppleve gleda ved å kjenne på meistring og å få noko å bryne deg på. Vi skal også legge til rette for at du får bli kjent med nye personar, kanskje får du ein eller fleire nye vener i løpet av desse dagane.

 

Kva forventar vi av deg

Vi forventar at du er positiv til å vere med på det som skjer. At du er villig til å bli kjent med nye og samarbeide med folk du ikkje kjenner så godt frå før. At du høyrer etter på dei reglar og ordningar som gjeld. At du møter til klokka 10.00 kvar dag og at vi får beskjed frå føresette dersom du ikkje kan kome.

 

Tidsrammer

Vi har lagt opp til ei tidsramme frå klokka 10.00 til klokka 15.00 kvar dag. Idrettsopplegga vil vare litt lengre ein av dagane, men det får du tydeleg informasjon om. På nokre dagar og nokre opplegg vil det vere mogleg å gå direkte heim etter avslutta undervisning. Dersom det av uførutsette grunnar blir større avvik frå fast hentetidspunkt klokka 1500, tek vi direkte kontakt med dei føresette det gjeld.

 

Info undervegs i veka

Vi har oppretta ei gruppe på Facebook som heiter «Aktivitetsdagar Hareid 2022».  Her blir det lagt ut informasjon, og de kan stille spørsmål de måtte lure på. Hugs å ikkje stille personlege spørsmål i gruppa, ta dette i så fall direkte på telefon til ein av leiarane. Bli gjerne med i denne gruppa med ein gong. Vi har dessverre ikkje høve til å sende ut tekstmelding til alle, men tek sjølvsagt direktekontakt med foreldre på telefon dersom det skulle vere noko spesielt.

Dei føresette som ikkje har Facebook må gi beskjed til kulturkonsulent Melinda Skeide, melinda.skeide@hareid.kommune.no, slik at vi kan sikre oss at de får naudsynt informasjon, til dømes om vi ein dag blir forseinka heim.

 

Søvn og frukost

Vi trur at de kjem til å få mange inntrykk og sikkert også bli litt slitne nokre av dagane. Ei god natt søvn blir difor viktig å prioritere. Vi anbefaler at de venter med seine sommarkveldar til etter at aktivitetsdagane er ferdig. Hugs å ete ein god frukost før du kjem til opplegga kvar dag.

 

Mat

Vi stiller med lunsj og drikke (vatn, sjokomelk og juice) kvar dag, så de treng ikkje å ta med eigen mat. Ei eiga drikkeflaske med vatn vil likevel vere lurt å ha med på fleire av aktivitetane. Gi beskjed til kulturkonsulent, Melinda Skeide på mail melinda.skeide@hareid.kommune.no innan 23.06. om det er spesielle allergier/matbehov.

 

Mobilbruk

De har ikkje høve til å bruke mobiltelefon under opplegga, men den kan ligge i sekken. Unntaket er for dei som skal vere med på film-kurset. Kommunikasjon med heimen skjer gjennom oss leiarane.

Informasjon om dei ulike opplegga

Let the game begin - idrett og ball

Gjer deg klar til to fullspekka dagar med varierte ballaktivitetar, idrettsmix, trampolinepark, frisebeegolf og masse leik og moro. Ein av dagane vil vi halde oss i område rundt Hareidhallen der vi er ute dersom det er fint vér og trekk inn om det er nødvendig. Den andre dagen blir det trampolinepark og frisbeegolf i Ålesund.

De må ha med bag/sekk med drikkeflaske med vatn og høvelege klede til å kunne vere både ute og inne ein heil dag. Dag éin vert det ein idrettsmix i form av ulike ballspel og uformelle leikbaserte aktivitetar. I utgangspunktet tenkjer vi å vere utandørs, men om veret er for ille har vi Hareidhallen i backup. Ta difor også med innesko om det blir aktuelt. Oppmøte vil vere på Hareidhallen (ved klubbhuset).

Dag to reiser vi til Digerneset for opplegg på Epic AktivPark og på frisbeegolfbana i nærleiken. Vi tek ferga klokka 1020. Det betyr at alle må vere ekstra nøye med å møte presis denne dagen. Oppmøtestad er Hareidhallen. Vi stiller med frisbee til frisbeegolfbana og antisklisokkar til Epic, men ta gjerne med eigne sokkar/frisbee om du har. Økta på frisbeebana skjer naturlig nok ute, ta difor med klede etter været. På grunn av stor pågang på Epic i veke 26 vil ankomst Hareid fergekai/Hareidhallen ikkje vere før omlag klokka 1630-1700. I veke 27 vil ankomst Hareid fergekai/Hareidhallen truleg vere omlag klokka 1530-1600. Informasjon om dette kjem i facebookgruppa.

Leiarar:

  • Veke 26: Øystein Vegge (91 54 46 84) og Ole Terje Sukka (95 72 91 23).
  • Veke 27: Thomas Fiskerstrand (95 97 02 79) og Knut Vikebakk (95 10 00 04).
«Kompani Hareidsdølen» - friluftsliv

«Kompani Hareidsdølen» testar deg i morosame og uvanlege gruppeoppgåver der du må samarbeide, lyde ordrar, vere kreativ og gjerne også ha litt flaks. Du blir delt inn i smågrupper og løyser alle oppgåvene i teamet. Forhåpentlegvis blir det også vér og tid til hengekøyecamp og mat på bål.

Dette er ei dagsopplegg på fredag i veke 26 og veke 27. Opplegget går føre seg på friluftslivsområdet ved Nessetelva, men oppmøtet er ved Hareidhallen klokka 10.00. Dagen avsluttast også ved Hareidhallen klokka 15.00. Denne dagen er vi ute uansett ver, men innhaldet på dagane kan variere noko. Det som ligg fast er at alle må ha med klede etter forholda for å kunne ta del i opplegget. Om det er meldt regn, må ein ha regnklede og gode sko + ullsokkar. I finver kan handduk og badeshorts/badedrakt med fordel ligge i sekken. Er det sol, tek vi også med hengekøyer, men ta gjerne med di eigen om du har. Eventuelt ytterlegare informasjon om klede og utstyr kjem på facebookgruppa i forkant av dagen.

Leiarar:

  • Veke 26: Øystein Vegge (91 54 46 84) og Ole Terje Sukka (95 72 91 23).
  • Veke 27: Thomas Fiskerstrand (95 97 02 79) og Knut Vikebakk (95 10 00 04).
Be Creative - musikk

Lær å lage beats og produsere musikk i Logic Pro X.  Med iMac, lydkort, mikrofon og keyboard som verktøy har du alt du treng for å spele inn din eigen låt. Kanskje har du ein idé, men treng litt starthjelp? Her kan du stille om du er heilt fersk eller har laga ting før. Opplegget dei to dagane skjer på Sunnmøre Folkehøgskule, men det blir organisert transport til/frå Hareid.

Måndag og tysdag begge vekene blir det musikk-opplegg i studioet og i øvingslokala til Sunnmøre Folkehøgskule. Det er ikkje nødvendig med eige utstyr, men ta gjerne med eigen pc/mac om du ynskjer det. Dette blir dagar der vi tek utgangspunkt i di erfaring og gjev deg oppgåver og opplegg deretter. Det blir organisert transport, og deltakarene møter ved Hareidhallen klokka 10.00. Dagen avsluttast også ved Hareidhallen klokka 15.00.

Leiar:

  • Veke 26 og 27: Martin Kolden (468 14 835)
Action - film

Filmskaping treng ikkje alltid vere komplisert. Ved bruk av mobilkamera eller PC/mac kan vi lage både musikkvideo, bakvendtfilm, edits til sosiale media eller kanskje ein mini-dokumentar. Desse to dagane lærer du korleis du kan jobbe med opptak, redigering og enkelt etterarbeid. Berre tida og fantasien sett grenser. Her kan du stille om du er fersking eller har laga ting før. Opplegget dei to dagane skjer på Sunnmøre Folkehøgskule, men det blir organisert transport til/frå Hareid.

Onsdag og torsdag begge vekene blir det film-opplegg i lokala til Sunnmøre Folkehøgskule. Her står mac’ar til fri bruk. Vi ynskjer gjerne at alle har med ein smarttelefon med overføringskabalen til data. Ta gjerne også med eigen pc/mac om du ynskjer det, men det er ikkje naudsynt. Dette blir dagar der vi tek utgangspunkt i di erfaring og gjev deg oppgåver og opplegg deretter. Det blir organisert transport, og deltakarene møter ved Hareidhallen klokka 10.00. Dagen avsluttast også ved Hareidhallen klokka 15.00.

Leiar:

  • Veke 26 og 27: Victoria Myklebust (467 70 653)

Velkomen til innhaldsrike dagar. Vi gler oss til å møte dykk!

Takk til Sunnmøre Folkehøgskule, Sparebanken Møre og Gjensidigestiftelsen for samarbeid og støtte til å gjennomføre aktivitetsdagane.

Med helsing Hareid kommune og leiargjengen frå Sunnmøre Folkehøgskule.

Ta kontakt med kulturkonsulent Melinda Skeide på e-post melinda.skeide@hareid.kommune.no om du lurer på noko.