Alt du trenger å vite om reglane for hjortejakta

Kommunen skal mellom anna få melding om ettersøk, bruk av kunstig lys, skada og sjuke dyr eller mistanke om skrantesjuke. Foto: Ixitixel/Wikimedia commons 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Jakttid og omsyn til kalvekoller

Jakttida for hjort er 01.09. - 23.12. Ein må vise ekstra omsyn til kalvekoller, og sikre seg at eventuell kalv er felt før kolla vert forsøkt felt. Morsmjølka er ei viktig kjelde til næring for kalven, og han treng mordyret både gjennom hausten og den påfølgande vinteren. Hugs at ein morlaus kalv får dårlege vilkår komande vinter. Ved å skyte mordyr frå kalven, vil ein på sikt få svarkare mordyr med låge vekter, sein brunst og seint fødde kalvar. 

Jaktleiar

Jaktleiaren skal samordne jakta i eit jaktlag, og sjå til det vert jakta i samsvar med lov og føreskrift. Vidare bør jaktleiaren ha ansvaret for å rapportere om felling, eventuell skadeskyting og liknande. Om ein har skifta jaktleiar frå førre år må valdsansvarleg gjeve skriftleg melding til kommunen før jakta startar.

Sett hjort?

Valda skal registrere observasjonar av sett hjort. Registrering av sett hjort gjerast digitalt via hjorteviltregisteret.no. Alle som har jegernummer har tilgang til å registrere sett hjort. Ein treng i tillegg eit vald- eller jaktfeltnummer. Desse nummera refererer til nummeret som valdet/jaktfeltet har i Hjorteviltregisteret. Hugs på at ein også skal registrere jaktdagen om ein ikkje har sett hjort. Alle registreringar skal vere gjort før 06.01.2021. 

Ettersøk

Det er krav om avtale om godkjent ettersøkshund. Om ein under jakt skadeskyt eit dyr, eller har mistanke om at ein har skadeskote dyr, skal det gjennomførast ettersøk. 
Det kan ikkje jaktast på eit jaktfelt medan det pågår ettersøk. Ein skal ettersøke dyr ut den dagen det er skadeskote på eige eller andre sitt vald. Om ein ikkje har funne dyret ved utgangen av den dagen dyret vart skote skal jaktrettshavar/grunneigar og kommunen eller lensmann ha melding.
På eige vald skal det gjerast ettersøk også dagen etter at dyret er skadeskote. Om dyret ikkje er funne skal kommunen ha melding. Kommunen avgjer kva som skal gjerast vidare. Jeger og jaktlag har plikt til å bistå kommunen i ettersøk.

Reglar for bruk av lys under ettersøk

Det er lov å bruke kunstig lys til ettersøk etter påskoten hjort. Jegeren skal varsle politi, jaktrettshavar og kommune om bruken før ettersøket tek til. 

Skadde dyr

Kommunen skal ha varsel ved funn av daudt eller skadd vilt. Under ordinær jakt har jegeren plikt til å avlive hjort som er skada eller såra på ein slik måte at dei ikkje kan leve eller verte friske. Dyret kan gå på fellingskvota om valdet har kvote på same type dyr. Om ein ikkje tek dyret på kvota skal ein varsle kommunen om at dyret er avliva, og gjere opp dyret slik at kjøtet ikkje vert skadd. Er dyret ettersøkt tilfeller dyret valdet som ettersøker det.

Cwd – skrantesjuke

Symptom på sjukdomen er mellom anna avmagring og unormal framferd. Smitteoverføringa skjer via beite, spytt og urin. Det er ikkje kjend at sjukdomen kan smitte til menneske, verken frå dyr eller kjøt. Ser de dyr som kan vere sjuke så skal kommunen varslast. Det har ikkje gått ut serskild oppmoding frå Mattilsynet i år om å ta hjerneprøver av eldre hjort som vert felt.

Merka dyr

Merka dyr kan fellast på lik linje med umerka dyr. Om ein observerer eller fell merka hjort under jakta, ber vi om at dette vert meldt til kommunen snarast råd. Ved felling av slikt dyr skal ein ta vare på merka, samt dyret sin kjeve, då dei som har merka det ofte er interessert i å stadfeste alderen til dyret.