Arbeidstilsynet: Alle pålegg etter tilsyn er no oppfylt

Arbeidstilsynet har avslutta tilsynssaka mot Hareid kommune etter at alle fem pålegg som blei gitt i samband med tilsyn ved skular og SFO no er oppfylt.

dronefoto av Hareidlandet - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Dette gjeld Hareid skule, Hareid ungdomsskule, Hareid skule SFO og sektorleiinga for læring og kultur. Tilsynet omfatta mellom anna krav til helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid (HMS), opplæring i handtering av vald og truslar, samt kartlegging og risikovurdering av arbeidsmiljøet for både tilsette og leiarar.
- Sektoren vår fekk dette tilsynet i ei svært travel tid for kommunen og sektoren, der mykje av fokuset måtte vere på den vanskelege økonomiske situasjonen i kommunen og behov for store tiltak for å kome på rett kjøl. Vi har likevel greidd jobbe med pålegga på ein måte som har vore både lærerik og nyttig for medarbeidarane og leiarane sitt arbeidsmiljø, seier Helge Hamre, kommunalsjef for læring og kultur.

Desse pålegga er no oppfylt:
1.    HMS – kartlegging og risikovurdering: Det er gjennomført overordna risikovurderingar ved skulane, med deltaking frå arbeidsgjevar, verneteneste og tillitsvalde. Dei er lagt fram plan for når dei to siste skulane skal gjennomføre overordna risikovurdering.
2.    HMS – tiltak og plan: Tiltaksplanar er utarbeidd på bakgrunn av risikovurderingane.
3.    Vald og truslar – opplæring: Alle tilsette har fått opplæring i førebygging og handtering av vald og truslar. Det er etablert eit årshjul for vidare kompetansearbeid.
4.    Organisering og leiing – kartlegging og risikovurdering: Arbeidsmiljøet til rektorane er kartlagt, og det er sett i verk tiltak for å betre systematikken i oppfølginga.
5.    Bedriftshelseteneste: Kommunen har nytta bedriftshelsetenesta aktivt i arbeidet med kartlegging, vurdering og tiltak.

Her kan du lese heile sluttrapporten frå Arbeidstilsynet.