Arild Grimstad er nominert til fylket sin Frivilligpris 2022.

Møre og Romsdal sin Frivilligpris 2022 skal delast under festmiddagen på Fylkeskulturkonferansen i Molde førstkomande helg.

Bilete av mann som snakkar i mikrofon - Klikk for stort bilete privat
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

I Frivilligåret 2022 markerer fylkeskommunen frivilligheita i fylket vårt. Hareid kommune er invitert til inspirasjonskonferanse og fest for frivilligheita søndag 4. desember, og fagkonferanse måndag 5. desember. Både representantar frå Hareid kommune og frå frivilligheita på Hareid blir med på konferansen.

Fylkeskommunen skal også kåre ein vinnar av Frivilligpris 2022 og alle kommunane vart inviterte til å nominere ein kandidat frå eiga kommune. Denne prisen skal delast ut på fylkeskulturkonferansen, og den blir berre delt ut i år.

Hareid kommune fekk inn mange gode forslag til vurdering, og vår nominerte vart Arild Grimstad!

Arild har gjennom mange år bidrege sterkt i lokalt kulturliv, og mottok også kulturprisen Hareidsprisen i 2020. Mange dugnadstimar har det blitt! Han er særleg engasjert i song og musikk, kor og dirigentarbeid, men har stått på og engasjert seg i både Hafest, Hareidsstemna, Sunnmøre Kammermusikkfestival og i kommunepolitikk.

Sist, men ikkje minst er han ein person som er lett å be. Han stiller opp med ei positiv innstilling i både små og store samanhengar og deler av både sin kompetanse og si tid.

Innsatsen til Arild er med på å gje oss som bur i Hareid kultur og kulturformidling på sitt beste – og i vid tyding. Gjennom sitt engasjement er han eit godt førebilete og ein glitrande ambassadør både for Hareid kommune og for frivilligheita – og vi håper at det er han som får den gjeve Frivilligprisen 2022 frå fylkeskommunen!

Lenke til artikkel i Vikelbladet