Asfaltering ferdig: Gjenopnar ny droppsone ved Hareid skule

Gode nyheiter før jul! Asfalteringa i Brekkemarka og krysset i Drammensvegen er no ferdig. Det betyr at vi kan gjenopne den nye droppsona og parkeringsplassen allereie i dag, 17. desember.

dronefoto Hareid skule - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Entreprenør Holstad Maskin har jobba iherdig med å ferdigstille krysset i Drammensvegen, setje kantstein og asfaltere strekninga bort til husa på Remastubben. Målet var å bli ferdig før juleferien, og no er vegen klar til bruk.

Endringar i køyremønsteret frå i 17. desember

Sidan asfalten er på plass, gjer vi følgjande endringar med verknad frå i dag:

  • Ny droppsone opnar: Vi opnar opp igjen den nye droppsona og den nye parkeringsplassen. Dette kjem godt med for dei som skal på avslutningar på skulen dei siste dagane før jul.
  • Gamal sone stenger: Sperringane blir flytta framføre den gamle droppsona og parkeringsplassen. Denne skal ikkje brukast lenger.
  • Einvegskøyring opphøyrer: Skiltinga for einvegskøyring i Drammensvegen blir fjerna.

Vi ber difor alle om å nytte den nye droppsona og parkeringsplassen frå no av.

Litt arbeid står igjen

Sjølv om vegen og parkeringa er open, står det att nokre mindre oppgåver som vil bli utført framover:

  • Det skal leggast litt meir grus langs enkelte asfaltkantar.
  • Det skal setjast ned eit fundament til gatelys nært krysset.
  • Oppmerking av overgangsfelt kjem så snart leverandøren har høve.
  • Det skal setjast opp ein mur der det er grave ut for siktsone i krysset til Drammensvegen. Dette blir også gjort så snart leverandør har anledning.

Vi takkar for tolmodet i anleggsperioden, og håper den oppgraderte vegen og droppsona blir til glede for både elevar, tilsette og føresette.