Åtvarar mot farlege rusmiddel i området

Politiet og helsepersonell åtvarar om at svært farlege, narkotiske stoff kan vere «kamuflert» i anna stoff.

Stoffet på blyantspissen er om lag 2 miligram med fentanyl. Det er nok til å drepe eit voksent menneske. United States Drug Enforcement Administration

Politiet og Ålesund kommune har gått ut med eit felles brev til føresette med barn i skulen. Dei har frå ulike kanalar fått informasjon om at det kan vere svært farlege rusmiddel i omløp i Ålesundsområdet. 

Sidan det er kort veg til Ålesund frå Hareid, vel vi å dele vidare informasjonen i brevet.

Dei narkotiske stoffa er fentanyl og nitazen. Dette er syntetiske morfinstoff som er mange gangar sterkare enn morfin/heroin, og som ved bruk i svært små mengder kan ha dødeleg utgang. Fentanyl og nitazener verkar smertestillande og roande. Sidan stoffa er ekstremt sterke er dei vanskelege å dosere og dermed er risikoen stor for overdosar og dødsfall. Ved for store dosar vil brukaren få problem med pusten, kunne miste bevisstheita og få hjartestans.

I brevet skriv dei at opplysningar lokalt som er henta inn gjennom dei to siste vekene, gjer at dei spesielt fryktar at desse livsfarlege stoffa er tilset i cannabisprodukt som hasj, marihuana og olje (til røyking/vaping). Stoffa kan og vere tilset i andre illegale rusmiddel og tabletar.

Det har til no ikkje vore mogleg å teste nokon av dei stoffa som er i omløp og på den måten få heilt sikre faktakunnskapar. Likevel ser nettverket av ulike tenester som har henta inn desse opplysningane, at informasjonen er så viktig og alvorleg (fare for liv og helse) at dei ser seg nøydd til å dele den så breitt som mogleg.

Vi oppmodar foreldre og føresette om å ta ein prat med sine om rusmiddel og rus no før juletida. Særleg er det viktig at dei er klar over at dei ikkje kan stole på innhaldet i eventuelle illegale rusmiddel.