Bli klar for vinteren allereie – kjøp gjenbruksgrus

Om du er ein av dei som liker å vere ute i god tid, som tenker at det er kjekt å bidra til gode formål og støtte opp om engasjerte barn og unge, så har du sjansen no! 

Barn som kostar grus - Klikk for stort bileteGodt brukt, men fullt brukbar strøgrus kan kjøpas på Hareid skule for 100 kroner bøtta tysdag 30. april mellom klokka 11-14 Heidi-Beate Siring Grimstad Meir kosting av grus - Klikk for stort bileteOgså rektor Hege Tretnes tok i eit tak for å gjere strøgrusen salbar. Heidi-Beate Siring Grimstad

Elevrådet ved Hareid skule jobbar med å løyse utfordringar og oppgåver som kjem resten av skulen til gode. Grusen som etter ein kald vinter ligg i tjukt lag i skulegarden, er ikkje noko særleg å leike seg på. Dei kunne ha venta på kostebilen som kjem rundt 17. mai, men når dei fekk nyss i at grusen ikkje kan brukast opp att av kommunen på grunn av formelle krav, tende dei på ideen om å prøve å selje denne fullt brukbare grusen så innbyggarane kan vere godt budd på eit nytt, glatt vinterhalvår. 

Elevrådet har tatt kostar og spader fatt, og samla grus i bøtter som dei sel for 100 kroner stykk. Her tenker elevane på både gjenbruk, skulemiljø og økonomi. Pengane som kjem inn vil dei bruke for å få meir aktivitet og glede i skulegarden. Elevane ynskjer seg nye leikeapparat, og elevrådet jobbar fram mot dette. Fleire klassetrinn har vorte inspirert av elevrådet og har vore ute og kosta grus, så no er det mange bøtter til sals!

Denne veka er det miljøveke på Hareid skule, og mellom både kantine med «datomat», strandrydding og miljøstasjon, passar det bra for elevrådet å selje gjenbruksgrus. Dei håper at så mange som mogleg vil ta turen inn på skuleplassen på tysdag, mellom klokka 11 og 14, og sikre seg ei bøtte eller fleire. 

 

Vil du bu på sentral tomt med masse utsikt?

Snart kjem utsiktstomtene på Plassane for sal. Dette er sjølvbyggartomtar

Send e-post til Aina Giskeødegård Balsnes om du er interessert i ei av tomtene, eller informasjon om dei. 
Vi vil då halde deg oppdatert på salsprosessen, arbeidet med tomtane og anna relevant informasjon. Registreringa er ikkje forpliktande.

Sjå elles hareid.kommune.no/plassane for utfyllande informasjon.