Bli med å utvikle skule- og oppvekst-sektoren vår!

Vi treng ein skulefagleg ansvarleg.

Hylle med skulemateriell - Klikk for stort bilete Pexel.com

I Hareid kommune har vi erfarne skuleleiarar med høg kompetanse, men vi – og rektorane våre – ønsker å bli endå betre. Derfor ser vi no etter ein skulefagleg ansvarleg som kan vere eit lokomotiv for å utvikle skuledrifta vår.

Du er ein person som har mål om å skape gode tenester for innbyggarane i Hareid. Vi ønsker at du kjenner deg heime i klasseromma, samstundes som du har oversikt og innsikt innanfor det skulepolitiske feltet. Det trengst når du skal gi råd og skape retning saman med rektorar, leiargruppa og dei folkevalde.

Du er garantert ikkje utlært når du kjem til oss, men det er ikkje noko problem, for du er rask til å setje deg inn i komplekse problemstillingar og nye tema.

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner er nøkkeleigenskapar. Du vil nemleg få ein sentral og synleg rolle, ikkje berre i sektor for læring og kultur, men også på tvers av sektorar og fagfelt. Timeplanen din vil bli full av varierte arbeidsoppgåver, og den kjem sikkert til å bli kasta om på rett som det er, så du må ikkje vere redd for nye utfordringar og du må kunne omstille deg raskt.
Den raude tråden er viktig for oss og du må kunne halde i denne, men vi vil også oppmuntre til å ta turar utanfor allfarveg for å hente inn nye impulsar til deg sjølv og oss andre.

Du vil få ansvar for å sikre kvalitet og framdrift i sektoren vår, både i kvardagen og i konkrete utviklingsprosjekt. For å forbetre oss, er også kvalitetskontroll og internkontroll essensielt. Du vil ha ansvar for dette og for oppfølging av lovverk og planar. Her, som i alle andre delar av jobben, forventar vi at du jobbar systematisk, planlegg og prioriterar.

Din næraste leier er kommunalsjef. Vi har tre kommunale barneskular og ein ungdomsskule. Til sektoren ligg det også vaksenopplæring, kulturskule og tre kommunale barnehagar. 

Les meir og søk!