Bli med på padlefestival

Sunnmøre friluftsråd arrangerer svært rimelege kajakkurs for ungdom i august. Meld deg på!

Tre ungdommar som padlar kajak i skjærgården - Klikk for stort bilete Åshild Skallebø

- Å arrangere padlefestival for ungdom i sommarferien er ein fast tradisjon for Sunnmøre friluftsråd» fortel Christer Lundberg Nes.

Han er fagleiar for aktivitet i friluftsrådet. I år er det femte året på rad at Sunnmøre friluftsråd arrangerer aktivitetar og kurs i kajakk for ungdom i alderen 14-17 år. Dette skjer i august.

Introduksjonskurs – for deg som vil prøve kajakk

- På introduksjonskursa vil ungdomane lære seg det dei treng for å føle seg tryggare på vatnet, og ikkje minst kjem det til å verte gøy» seier Sara Magnadottir og Ingrid Lauritzen som er instruktørar på kursa.

Introduksjonskursa går over tre timar og vert i år arrangert på Nysætervatnet i Sykkylven og Flatvågen i Vestnes 10. og 16. august.

Grunnkurs – for deg som vil lære meir

- Padling blir stadig meir og meir populært, og det er viktig at dei som har lyst til å padle får nyttig erfaring i trygge rammer. På grunnkurset lærer ungdommane mellom anna om ulike farvatn, vêr, padleteknikkar, turplanlegging og ikkje minst redningsteknikkar for å kunne redde seg sjølv og andre dersom dei skulle være uheldige, fortel Sara Magnadottir.

 Du kan vere med på grunnkurset sjølv om du ikkje har tatt introduksjonskurset først. Grunnkursa i padlefestivalen er tilrettelagt for ungdom. I regelen vert grunnkurs arrangert over to lange dagar noko som kan vere slitsamt om du ikkje er van med kajakk frå før.

- Padlefestivalen sitt grunnkurs for ungdom går over tre dagar slik at deltakarane får fleire, og litt kortare dagar i kajakk. Det gir ungdommane meir overskot til leik og læring, seier Sara Magnadottir

Grunnkurs for ungdom over tre dagar vert arrangert i Hareid/Ulstein og i Skodjebukta i Ålesund 11.-13. august og 18.-20. august.

Våttkort

Ved gjennomført introduksjonskurs eller grunnkurs får ungdommane våttkort, som dei kan vise for å få låne kajakk til dømes med Bua ordningane.

Rimeleg deltakaravgift

Padlefestivalen er finansiert gjennom tippemidlar til aktivitet for barn og unge. Det gjer at friluftsrådet kan arrangere kajakkursa til ein svært rimeleg eigenandel. Kursa i år kostar berre kr 150.- som svarer til kostnaden på våttkortet ungdommane får etter kurset.

Populært sommartilbod

Tilbodet om kajakkopplæring i padlefestivalen er populært. Det er 10 plassar på kvart kurs, og i Ålesund er det berre ein ledig plass igjen! Det kan med andre ord vere lurt å melde seg på så raskt som råd. Påmelding og informasjon finn du på friluftsrådet si heimeside. www.friluftsraadet.no