«Blind» ordførar fekk prøve Miljøgata

Med augemaske og blindestokk fekk ordførar i Hareid, Bernt Brandal, kjenne på korleis det er å navigere som blind.

Ordførar Bernt Brandal fekk prøve korleis det er å vere blind og navigere i Miljøgata. Testen er ein del av Blindeforbundet si aksjonsveke. Bak går Thor Tyslum og rettleier. Erlend Friestad/Hareid kommune  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Ordførar Bernt Brandal følger nøye med når Thor Tyslum viser korleis han nyttar ledelinjene for å kome seg fram i Miljøgata. Erlend Friestad/Hareid kommune  «Testen» var ein del av ei Blindeforbundet si aksjonsveke. Representanten deira, Thor Tyslum, inviterte ordførar og lokalavisa for å teste ut korleis det er å fote seg når ein ikkje kan sjå.

Tyslum, som sjølv er blind, gir den nyoppussa gata gode skussmål.

- Før var dette ei asfaltørken der bilane parkerte på tvers og heilt inne ved husveggen. No kan eg gå her åleine takka vere gode ledelinjer, seier han.

Ordførar Bernt Brandal følgde nøye med medan Tyslum viste med blindestokken korleis han «føler» seg fram. Stokken sveiper fram og tilbake over asfalten. Han nyttar den opphøgde kantsteinen og andre fysiske «ledelinjer» for å navigere, både gjennom gata og over gangfelta.

Både Blindeforbundet og Råd for menneske med nedsett funksjonsevne blei tatt med på råd under utforminga av gata.

Etter ti minutt omvisning og forklaring, var det ordføraren sin tur til å vere «blind». Han fekk på seg augemaske og blei overrakt blindestokken frå Tyslum. Oppgåva var tilsynelatande enkel: Gå frå Topfix til kyrkjelydshuset.

Han er litt usikker i byrjinga, men ordføraren får raskt taket på teknikken der han føler seg fram. På veg over gata må han likevel få litt munnleg hjelp for ikkje å skråne ut i rundkøyringa. Trass det:Thor Tyslum frå Blindeforbundet leder ordførar Bernt Brandal gjennom miljøgata slik at ordføraren får teste korleis gata opplevast av dei som ikkje kan sjå. Erlend Friestad/Hareid kommune  

- Det funker jo! Utbryt Brandal då han etter eit par minutt står utanfor kyrkjelydshuset og tar av seg maska.

- Eg ser verkeleg poenget med desse ledelinjene. Eg hadde ikkje hatt sjangs utan, seier han.

Ledelinjene stoppar dag ved parken i Åsendalen. Planen er at desse skal forlengast vidare nedover Kjøpmannsgata, forbi det nye helsehuset og heilt ned til tusenårsplassen.