Blir dette den flottaste leikeplassen i Hareid?

Plassane bustadfelt tek form. Bli med på synfaring!

Vil du bu på sentral tomt med masse utsikt?

Snart kjem utsiktstomtene på Plassane for sal. Dette er sjølvbyggartomtar

Send e-post til Johannes Alme om du er interessert i ei av tomtene, eller informasjon om dei. 
Vi vil då halde deg oppdatert på salsprosessen, arbeidet med tomtane og anna relevant informasjon. Registreringa er ikkje forpliktande.

Sjå elles hareid.kommune.no/plassane for utfyllande informasjon.

I snart eitt år har entreprenør Aurvoll og Furesund jobba med det nye, kommunale bustadfeltet ved Plassane. Her kjem det om lag 40 bustadtomter som kan skryte av fantastisk utsikt. Dei øvste ligg omtrent på høgde med høgdebassenget til kommunen.  

Leikeplassane er også verdt å nemne. Heile fem stykk vil det vere spreidd ut i feltet. Det blir reiestativ, ballbinge, akebakke gapahuk og mange «vanlege» leikeapparat. Alle leikeplassane vil vere ferdige når feltet blir overlevert til kommunen.

- Det skal ikkje vere noko problem å leike seg her oppe, seier Peder Alme, prosjektleiar frå Hareid kommune.

No held Hareid kommunen på å førebu salsstart. Det blir nærmare sommaren. Fyrst må den nøyaktige tomteinndelinga og -prisane bli klare.

- Vi vil også få til ei vandring eller synfaring i feltet, slik at interesserte kan få sjå tomtene, fortel Alme.

Han skryt av entreprenørane som har hatt god framdrift gjennom heile vinteren. Den største jobben har vore vatn- og avlaupsgrøftene. Dei er snart ferdige. Etter dette står vegarealet for tur med asfalt og kantsteinar.

dronefoto utsikt plassane - Klikk for stort bileteDet vil vere god utsikt frå alle tomtene, men særleg frå dei øvste, som ligg på høgde med høgdebassenget til Hareid kommune. Erlend Friestad Johannes Alme (leier for næring), Peder Alme (prosjektleiar) og Kai-Rune Bjørke (kommunalsjef) var saman med andre tilsette på synfaring i Plassane-feltet 19. februar. Erlend Friestad