Cruisegigantar kjem til Hareid i april

Hareid har den seinare tida jobba målretta for å bli ein cruisedestinasjon. Dette arbeidet blir lagt merke til i cruisemiljøet og no kjem ei rekkje kjende cruisereiarlag, agentar og internasjonal presse til Hareid på visningstur.

SS Statsraad Lehmkuhl på Hareid hamn. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Hareid cruisenettverk blei etablert i fjor, som eit resultat av eit tett samarbeid mellom Hareid kommune, Vekst i Hareid, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og lokale næringsaktørar. Nettverket er drifta av ein dagleg leiar som er tilsett i destinasjonsselskapet og her kan alle som ønskjer vere medlemmar. Gjennom dette arbeidet har ein no lukkast med å bli ein del av den årlege visningsturen, også kalla FAMtrip, som Cruise Norway gjennomfører på vestlandet i slutten av april.

Som siste stop på turen kjem representantar frå ei rekkje cruisereiarar til Hareid 26. og 27.april. Reisefølget tel rundt 20 gjestar og består av internasjonale kjøparar frå cruisereiarar, shorexagentar og internasjonal presse. Av kjende reiarar kan det nemnast til dømes Ponant Cruises og Carnival Group. Her får Hareid og aktørane i Hareid ei unik moglegheit til å vise seg frå si aller beste side.

Hareid - Explorers port

Gjennom arbeidsmøte har vi jobba fram vår historie basert på identiteten og kulturen i Hareid. Dette skal vi bygge vidare på i reiselivssamanheng. Vikingslag, ishavsimperialisme, landevinning og utfartstrong er alle grunnverdiar i historia til Hareid som bygger opp under merkevara «Explorers port». Gjennom dette skaper vi noko unikt og ein raud tråd i historia som skal forteljast. «Hareid har ei sterk historie å bygge vidare på og denne satsinga vil bety mykje for at vi som driv i reiselivsnæringa i Hareid i dag skal kunne utvikle oss» seier Webjørn Landmark som er dagleg leiar ved Ishavsmuseet Aarvak. Visningsturen blir som ein smakebit på den seinare leveransen som skal kunne leverast kvar gong eit cruiseskip kjem på besøk.

 

Moglegheiter for stor lokal verdiskaping

Nyare rapportar viser at verdiskapinga cruiseturisten legg igjen kan aukast dersom vi er gode på å tilpasse produkta vi sel til marknaden og behovet. Cruiseturisten legg i snitt igjen 750 kroner på land. Dette er verdiar som utelukkande kjem reiseliv- og sentrumsnæringane til gode. Hareid cruisenettverk har som målsetting at ein før 2030 skal ha ein stad mellom 20-30 årlege anløp i Hareid med ein kapasiteten på 1000-1500 passasjerar, pluss mannskap. Utover dette har skipet eit behov for til dømes proviant, avfallshandtering og service på utstyr om bord. Midt i den maritime klynga med underleverandørar og med ein servicebase tett på Hareid sentrum, gir dette store moglegheiter for at cruiseanløp i Hareid vil gi stor lokal verdiskaping om vi riggar dette på riktig måte. Nettverket og næringsaktørane jobbar no tett med å bygg business caset Hareid.

 

Hareid satsar på reiseliv!

Cruise er berre ein del av satsinga som Hareid no gjer på reiseliv. Gjennom cruisenettverket fokuserer ein først og fremst på vidareutvikling av eksisterande reiselivsaktørar og gjere dei rigga for ein internasjonal marknad. I tillegg har vi spennande private reiselivsprosjekt i Hareid som til dømes Almestranda fjordhytter og kommunen si satsing på å bli Sunnmøres mest attraktive gjestehamn.

Å etablere ei ny næring i Hareid på denne måten er svært ressurskrevjande og ein er budd på at dette vil ta lang tid. Vi har likevel sterk tru på et ein i løpet av dei komande ti åra vil sjå betydelege endringar i næringsstrukturen i Hareid, som ei resultat av dette arbeidet. Dette er bakgrunnen for at Vekst i Hareid er inne å finansierer Hareid cruisenettverk no i oppstarten. På sikt skal dette nettverket finansierast gjennom medlemskontingent.

Sjølv om det vil ta tid før ein ser resultat av arbeidet er ein avhengig av å levere på alle sjansar ein får. Visningsturen i april blir ein elddåp og eit spanande startskot for Hareid vidare. Vi vonar at hareidsdølen er med oss i dette arbeidet og gjer sitt slik at vi saman får vist fram Hareid frå si aller beste side.

 

Kontaktinformasjon

Tom Anker Skrede

Styreleiar i Hareid cruisenettverk

Mobil 909 87 698

 

Bent Arild Grytten

Konstituert kommunedirektør/hamnesjef i Hareid kommune

Mobil 919 13 675

 

Julie Sundgot Andersen

Prosjektleiar Vekst i Hareid

Mobil 993 81 006